Kalifornia1

Musikalsk heilaften på Vicen

 

Det nærmar seg eksamen for mange om dagen. Tidenes solskinn og skyfriehimmel er ein stor distraksjonsfaktor. Utetrend tok seg likevel meir universitetsfri og besøkte bergens eminente Vitoria for å få med seg det som vart ein heidundranes heilaften i beste pønkande, med eit sjeldan akustisk sett frå Still Shaking, progbasert rock frå Sodcatcher og deilig skandirock frå Kalifornia. 

Av Mailiss Solheim og Christine Hetland

Akustisk pønk

Still Shaking gjer eit sjeldan akustisk sett.

Still Shaking er poppønk-favorittane som alltid gjer energiske live-shows. Men denne fredagen var berre halve besetninga på jobb. Dimed fekk Victoria oppleve ein heilt nedstrippa og koseleg versjon av gamle favorittlåtar, i tillegg til to nye songar bandet slapp same dag.

Mini-EPen kan du sjekke ut her:

Bandet tok oss gjennom ei fin setliste der låten I can’t Sk8 må ha vore, som mange gongar før, favoritten. Den handlar om Mats, vokalisten, sine eigne, manglande skate-skills. Det mante fram både smil og allsong frå publikum.

Etter konserten slo vi av ein prat med Mats om korleis det var å spele akustisk. Under samtalen kom ein fan bort og takka han for den gode utføringa.

«Det er ein sjeldan greie at vi speler akustisk, så då må vi jo nesten gjere det litt koseleg,» fortalde Mats smilande til fanen.

Groovy stemning

Groovye rytmer frå Sodcatcher

Sodcatcher var eit nytt namn for undertegnede. Dei viste seg å ta scena med storm, med sine groovy riff og nærmast magiske blanding av stoner- og progelement, ispedd ei god rekke med melodiøse passasjer. Det var hardt og rått, og med ei besetning som koste seg frå start til slutt. Og koste seg, det gjorde publikum og. Kickass er det rette ordet for å omteikne denne nye musikalske favoritten.

Skandirock til folket

Kalifornia eigde scena

Kveldens headlinar var Kalifornia. Dei slapp albumet Vies From The Coast for ein månads tid sidan. Og vi fekk eit fantastisk liveshow med låtar frå plata, som fekk det til å rykke i moshpit-dansefoten og mante fram fleire periodar med allsong frå eit ganske så energisk publikum. Sjangeren er nok til å få assosiasjonar til Turboneger, men Kalifornia har sin eigen vri på musikken. Tidvis var hardcore-element svært framtrendande, men det er kanskje ikkje så rart når fleire i besetninga har ei ganske ålreit merittliste frå hardcoremiljøet. Det er også greitt å trekkje fram den spesielt catchy bassen, som på fleire låtar sette den velkjente prikken over i’en.

Mot slutten av settet røyk skinnet på eine tromma. Men det stoppa ikkje Kalifornia i å spele enno ein låt medan dei venta på gaffatape (i beste MacGyver-ande). Då spelte dei låta I am the ulcer. Ulcer er altså magesår. Det var fleire som flirte godt, og vi får håpe låta ikkje er basert på sjølvopplevd sjukdom.

Alt i alt, kickass er enno ein gong det rette ordet for å omtale dette fyrverket av ein konsert.

Plata kan du sjekke ut her:

Kommentarer

kommentarer