1527712053956

Ottos nål og stål – Bergen sitt fyrste reindyrka piercingstudio

Hovedbilde

På årets varmaste dag så langt, med bare armar og vinden i håret, gjekk vi nedover Bryggen for å besøke Sjalg Otto Unnison. Opp trappa til andre etasje på Bryggen 37 ligg byens fyrste, reine piercingstudio. Med det kledande namnet Bergen Piercing, eller Ottos nål og stål, om du vil. Utanfor inngangen til det vesle, sjarmerande studioet møtte ein smilande, pierca og tatovert mann oss, og vi vart helst velkommen med kvar vår kaffi, ei lita omvising og gamle anekdotar.

Av Mailiss Solheim og Christine Hetland

Lokal kunst

Lokalet er lite og intimt, med akkurat den dose personleg sjarm eit piercingstudio treng. På veggane heng måleri av Otto sine vener og gamle kollegaer frå tatoveringsbransjen, og ganske mange kristne ikon.

– Eg er veldig glad i katolsk kunst, sjølv om eg ikkje har eit forhold til kyrkja sjølv, ler piercaren.

I resten av lokalet finn vi både ein utstoppa rev, som visst nok drap katten til Otto sin familie då han var liten, og ein utstoppa mår. Korkje Otto eller vi veit eigentleg forskjellen på ein mår og ein mink. På eine veggen tronar eit stort skilt, med «Otto’s nål og stål», måla på ein gamal sag frå Otto sin bestefar.

«I grunn er kunsten og pynten i studioet ei samling av ting eg ikkje får lov å ha på veggane i heimen», innrømmer Sjalg Otto og smiler lurt. 

I grunn er kunsten og pynten i studioet ei samling av ting eg ikkje får lov å ha på veggane i heimen.

Frå piercinglærling til eigen sjef

Sjalg Otto byrja som piercinglærling på Let’s Buzz i 2011, og jobba seg raskt opp til å verta ein dyktig og habil piercar. Men etter kvart som åra gjekk, byrja han å drøyme om eit eige studio. Der han kunne jobbe utelukkande med piercing og å utvikle seg sjølv til å verta enno betre. Den draumen vart verkelegheit i vår, og 2.mai opna han dørene til Bergen Piercing. Hans eige studio, der han førebels jobbar åleine. Kundebasen er gjerne unge vaksne, og Otto kan fortelje at «fråversgrensa» også er å merke i hans bransje.

– Sidan det er fråversgrense på vidaregåande skule no, så er det stort sett ettermiddagstida som vert travel, og dimed held eg ope til kl. 18.

Utetrend er innom på besøk i 14-tida, på ein sjeldan solvarm dag, så det er roleg i studioet, utanom turistar som kjem opp trappa nyfikne for å kikke på kva Bryggen har å by på. Men telefonen har ringt eit par gongar, og Otto har gjort bookingar for helga. Det er med andre ord mogleg med både drop-in og førehandsbestilt time.


Sitjande bedageleg og henslengd i piercingstolen fortel Otto meir om livet som profesjonell piercingartist. Det er mange ting å lære, som vi utanforståande sjeldan tenkjer over. Det fyrste er det sjølvsagte behovet for sterilt utstyr og profesjonelle smykkar.

  – Det er viktig å ta seg tid til å jobbe med kunden og finne den beste løysinga og beste piercinga for kvar enkelt. Om ein kunde har eit ynskje om noko eg veit ikkje vert bra, då seier eg nei. Som artist vil du ha kvar jobb perfekt. Då er det essensielt å ha tida til å tilpasse og snakke med kunden. Og det er heilt greitt om kunden vil ha litt tid å tenkje på etter ein konsultasjon.

Som artist vil du ha kvar jobb perfekt.

Dei hottaste piercingtrendane

Piercingtrendar går opp og ned. For nokre år sidan var det mange, spesielt unge kvinner, som valde septum-piercing. Brystvortene var også populære piercingobjekt. Men den siste tida har det vore eit stort oppsving i den tradisjonelle naseringen, med piercing i nasevingen. Ved sidan av den aldri utdøyande trenden med piercing i øyrene.

  Det er mange som kjem og vil ha små piercingar i øyrene, spesielt i øyrebrusken. Men mange gløymer at alle har ulike øyre, i tillegg til at øyrene våre gjerne ikkje er så symmetriske som vi tenkjer. Då er det viktig å finne den beste løysinga for kunden, fortel Unnison engasjert.

– Av standard, basic smykkar har eg sjølvsagt alltid inne. Men av pyntesmykkar bestiller eg aldri inn same fleire gonger. Har eg fyrst seld ut eit parti, då er det ferdig. Då vert det meir eksklusivt.

Bryggen 37 er ikkje berre urbant i piercinganden, i tredje etasje finn vi også eit tatoveringsstudio, og i naborommet til Bergen Piercing skal det veldig snart kome eit galleri. Sjalg Otto gløder når han fortel om det gode venskapet mellom dei ulike aktørane i bygningen, og tankane om kva nett denne samansettinga kan verta. Men det viktigaste for Sjalg Otto Unnison er sjølvsagt piercingkunsten.

– Ein er jo artist. Og då vil ein ha alt perfekt. Og ein vil verta den beste. Eg trivest svært godt på Let’z Buzz, og har framleis eit godt forhold til mine gamle kollegaer. Men eg kjende at eg trengde nett dette, eit studio med utelukkande fokus på piercing, for å kunne utvikle meg enno meir. No kan eg også ta meg meir tid til å dra andre byar og land for å lære av andre, avsluttar den hyggelege mannen bak alle piercingane og tatoveringane.

Kommentarer

kommentarer