HappyPride4

Alt er love – Bergen Pride

På starten av årets siste dag på Regnbuedagene i Bergen, dirra bykjerna av forventning, fargesprakande klesdrakter, fenomenal stemning og ei og anna gledeståre. Med andre ord, det var duka for den store Pride-paraden som feirar skeiv kjærleik og ikkje-binære kjønnsuttrykk.

Av: Mailiss Solheim

Alt er love

God stemning med fargar, såpebobler og musikk.

Vi kan vere glade for at vi i dette landet har lov å forelske oss i den vi vil, uavhengig av kjønn. Det har ikkje alltid vore slik, og i mange land rundt om kring i verda er det framleis ulovleg å leve ut si homofile legning. Med dette i bakhovudet, er det eit sterkt syn å sjå godt over 10 000 festglade menneske i Bergen sine gater, heiande fram at all kjærleik er lov – alt er love (eit gjenomgåande slagord i paraden). Dette året nådde paraden ny rekord med deltakarar, samstundes som det heller aldri har vore fleire langs løypa som har heia paraden fram frå sidelinja.

#tacklehomophobia

Sportsklubben Brann deltok i Paraden

Nytt av året er at Sportsklubben Brann og Norges Fotballforbund Hordaland, saman med Raftostiftelsen, deltok i paraden. Saman frontar dei SoMe-kampanjen #tacklehomophobia, som står opp mot homofobi i fotballen (og samfunnet elles). Det var mange som tok turen i eigne fotballskjorter for å feire kjærleik og mangfald saman med fotballen.

Det var mange fotballentusiastar og fotballag som deltok bak banneret #tacklehomophobia

Mangfald
Det var mange ulike organisasjonar, trussamfunn og politiske parti som deltok med eigne faner og slagord i paraden. Alle med den agendaen å slå ned på homofobi, og slå eit slag for menneske som av ulike grunnar ikkje kan delta sjølve og ikkje kan stå opne fram med sin legning eller sin kjønnsidentitet. Bergen kom med klar tale – alle skal få lov til å elske den hen vil!

Og ja, Utetrend felte nokre tårer sjølv under denne flotte feiringa av kjærleik, mangfald og inkludering. Vi gler oss allereie til neste år!

Kommentarer

kommentarer