BM1

Balle Malurt – frå gatekonsert I Bergen til hagefest I Belgia

Under aliaset Balle Malurt, debuterte Bjarte Malum i 2002 på ein gatekonsert for å støtte okkupantar i Bergen. Sidan den tid har han reist (nesten) verda rundt med sin politiske, akustiske pønk – bevæpna med kassegitar og mikrofon. Han er også kjend som mannen bak «Pønkebjartes Pønkeplater» – der han pusher andre sin musikk til folket i beste DIY-ande. Sidan debuten har Balle Malurt opptrått for alt frå rumenske tiggarar på fattighuset, streikande havnearbeidarar, skitne gardar nedover i Europa og firmahagefestar. I vår slapp han EPen Irish Brew, der hans no 17 år gamle son er med på dei fleste låtane. På ein konsert Malurt spelte på Hulen like før EPsleppet, fanga denne utradisjonelle musikaren Utetrend si merksemd, og vi slo nyleg av ein liten prat med han på Bergen si eiga platerockesjappe Appollon.

Av: Mailiss Solheim

Irish Brew

Kan du starte med å fortelje litt om Irish Brew?

Det er ei samling av låtar spelt inn av meg og min son. Han er med å spele gitar på side 1, og syng på låta Forandre verden på side 2 – då var han 9 år gamal. Han er ikkje med på sistelåta, We are still here, men han er med i videoen. Eg samla saman nokre kompisar med plateselskap og så gav eg ut EPen sjølv. Big Day Records har gitt ho ut digitalt. Dei har også gjort alt promoarbeidet, fortel ein smilande og ivrig musikar, med kaffikoppen i handa og Appollon sin musikk i bakgrunnen.

Korleis vart eigentleg sonen din med å spele med deg?

Han har alltid vore interessert i musikk. Då han gjekk i 8.-9.klasse var vi på konsert på Landmark og såg The VossaRebels. Då vi kom ut frå konserten var han stille og eg spurte om det ikkje var ein bra konsert. Han svara at joda, det var det. Så eg spurte igjen: kva er det då? Eg må gjere noko med musikken, svara han. Då sa eg at vi skal byrje å spele saman. Så frå den sommaren øvde vi jamleg i eit år, så neste gong eg fekk konserttilbod sa eg at han skulle vere med. Det ville han, og vi spelte saman i 2-3 år. No går han på musikklinja på Langhaugen og har sine eigne prosjekt, så får vi sjå om han framleis vil vere med, seier Malum med glimt i augo under denne turen ned «memory lane». 

Turnelivet i Europa

Bjarte har nettopp kome attende frå ein hektisk tur på Austlandet, der han mellom anna har seld plater på tiårsjubileet til plateselskapet Fysisk Format og spelt på Betong Punk & Barbecue. Vi kjem fort inn på andre, meir uforutsigbare turnear Balle Malurt har vore på, og får høyre om ein tur han og ein kompis hadde i Kviterussland for nokre år sidan.

I Kviterussland, for eksempel, er forholda ganske annleis enn i nordvest-Europa, for å seie det sånn. Heldigvis stiller folk opp for kvarandre når staten og systemet sviktar. Der ein elles i Europa i det minste forventar ei seng eller ein sofa å sove i, noko å ete og drikke, samt bensingpengar – kan ein eigentleg berre gløyme det same i Kviterussland. Var ein heldig, fekk ein eit golv å sove på hos nokon som tilfeldigvis var heime den kvelden.  Mat måtte ein skaffe sjølv – lykke til med å vere ikkje-russisktalande veganar der borte, og pengespørsmålet vart snudd på hovudet. Som regel var det ein støttekonsert for ein fengsla kamerat eller eit anna godt føremål, si vi enda opp med å anten betale sjåføren eller arrangøren. Eller begge delar. I tillegg kan eg anbefale å lese visumreglane nøye for bestilling av reise. Vi slapp så vidt ut av landet, og eg er den dag i dag usikker på om dei vil sleppe meg inn att – men det har eg tenkt å finne ut ein gong, erindrar Bjarte.

Så det er uforutsigbart?

– Det er på ein måte forutsigbart uforutsigbart, hehe. Men ja, turnering er uforutsigbart. Når du ikkje veit kven som bookar deg – du har berre eit namn, ein e-post eller facebook, og staden du skal spele. Ein gong i 2010 var eg og kompisen min på turné, og hadde spelt på bondelandet for anarkistar og geiter, og vart nesten skotne. Så kom vi til Belgia – og der skulle vi visst spele på ein firmahagefest for fyren som hadde booka. Det var plaskebasseng til borna og grillbufe. Ein havner i mange rare situasjonar. Og då er det berre å ta det på sparket. Takle det – smile og vere glad. Takke for alt. Berre køyre på og ha butlaransikt, fortsett han.

Interessant.

– Det er slitsomt, men veldig gøy. Og når du kjem heim til Noreg forstår du kor godt du har det, påpeikar han vidare.

I sommar står festivalen Kanalrock i Horten på speleplanen, elles har Balle Malurt lite på agendaen og gler seg til ferie. Han har mange prosjekt på gong, og vonar han etter kvart kjem seg i studio for å spele inn og gi ut eit fullt album, og generelt kome seg eit hakk vidare.

– Alt kan skje – eg tar det som det kjem!

Balle Malurt live på Hulen i Bergen, 27.april 2018.

Motivasjon og politiske låtar

Kva gir deg motivasjon til å spele og lage politiske låtar som du har mange av?

– Eg ser no at setlista vert mindre og mindre politisk. Den einaste politiske låta som er att no er «Forandre Verden». Det er eigentleg ei ironisering av den politiske venstresida i Bergen – for mange år sidan. Når eg trudde vi skulle forandre verda –  men det skjedde ikkje. Eg skreiv låta med eit skråblikk. Men eg spelar også låta «Animals» som handlar om det å kjempe for dyrs rettar og kvifor det er viktig. Eg speler ikkje den like mykje som Forandre verden – den er jo morosam – og det er viktig å bruke humor når du skal øvertyde folk,  istadenfor berre peikefingeren. Eg er veganar fordi det er inga god grunn til å ikkje vere det etter mitt syn. Når det er såpass etablert at alle dyr har kjensler, då finns det ingen logisk grunn bak å behandle dyra på den måten vi gjer. Og det er ikkje bra for miljøet, det er ikkje bra for helsa vår. Det er ikkje bra på noko måte, fortel Malum engasjert.

Stø dei lokale pønkarane

Og til slutt, har du ein siste ting du vil seie til folk i dag?

– Støtt små uavhengige artistar! Eller – støtt alle artistar! Kjøp plater, t-skjorter og gå på konsert. Dra med deg venene dine. Ikkje sit heime eller berre gå på puben. For al del gå på puben – men gå på konsertar og. Tenk at du er ein del av eit økonomisk kretsløp. Om banda som reiser rundt ikkje får pengar, så sluttar dei å kome. No har det blitt sånn «pay to play». Utanbysband har lyst å spele i byen, dei må ofte betale leie for å spele. Då byrjar dei i minus. Då byrjar det å verta vanskeleg, og då er du avhengig av at folk kjem og tør å sjekke ut nye band. Kjøper platene. Og deler musikken i Sosiale Media Osb. Berre gjer det! Då bidrar du til det økonomiske kretsløpet. Då vert det betre for alle, avsluttar Balle Malurt aka Bjarte Malum. 

Utanfor Appollon ligg det ei faretruande kjensle av regn og dirrar i lufta, men Utetrend er i godt humør likevel. Vi har fått eit interessant innblikk i livet som musikar, og gler oss til neste gong vi kan dra og sjekke ut Balle Malurt live.

Kommentarer

kommentarer