Råvarene1

Ein Plastfri Sommerkvardag med Råvarene

Hovudbilete: Anita og Maria er to av dei som jobbar på Råvarene og ynskjer ein plastfri kvardag

Sommaren og fellesferien står for døra, og på ferieturen kan det kanskje vere hakket vanskelegare enn elles i kvardagen å leve miljøvenleg. Utetrend tok turen innom Zero Waste-butikken Råvarene i Skostredet, og slo av ein prat med butikksjefassistenten Maria. Og gjett om vi fekk nokre gode tips for å ivareta miljøsamvitet vårt også på ferie.

Av: Mailiss Solheim

Hos Råvarene får du matvarer i lausvekt. Her ser vi soyabønner, krydder og anna snacks du kan fylle din eigen gjenbruksbehaldar med.

Plastfri juli

Råvarene skal i heile juli ha ein kampanje dei kallar for «plastfri-juli». Den går ut på at Råvarene-gjengen deler gode tips og triks for å kutte ned på plastbruken – som dei har samla inn gjennom ein sommarkonkurranse i juni frå kundar og følgjarar på sosiale media.

Vi vil prøve å hjelpe folk på vegen med gode tilbod og så klart sjølv prøve å ta utfordringane i tipsa, fortel butikksjefassistent Maria.

Maria oppdaga butikken Råvarene gjennom ein Snapchat-profil som heiter Vegansnappen, og måtte sjølv ta turen innom ein ettermiddag i februar. Ho vart med det same fascinert av konseptet, og gjekk rundt og kikka i butikken i to timar. Ho slo også av ein prat med ein av eigarane, og spurte om dei trengde noko hjelp i sjappa. Det gjorde dei, og no, knappe halvåret etterpå, er Maria butikksjefassistent og stortrivst med å bidra til plastreduksjon i samfunnet.

– Innan 2050 kan det vere meir plast enn fisk i havet. Råvarene er skapt ut frå eit oppriktig ynskje om å gjere eit bidrag for å ta vare på jorda og havet for komande generasjonar, og eg vil gjerne noko viktig. Hos Råvarene kan eg vere ein del av løysinga og hjelpe folk med å redusere sitt avfall i kvardagen og redusere emballasje, fortel den engasjerte kvinna bak disken.

Maria står og fyller ei gjenbruks glasflaske med vaskemiddel medan vi pratar. Underteiknande er ganske fascinert over at det faktisk går an å kjøpe slikte produkt i «lausvekt», og lurar på om Meel har andre favorittar i butikken.

Det eg brukar aller mest av som eg liker å fortelje til alle med hun, er «maistic posane» vi har. Dei er laga av mais og er heilt nedbrytbare. Tenk kor mange hundeposar av plastikk ein hundeeigar brukar i løpet av eit hundeliv… Denne her kan du for så vidt kaste i skogen med godt samvit, smilar Maria, som sjølv har vore hundeeigar i mange år. Ho har også mange andre gode tips på lager for at kvarmansen skal kunne klare å redusere sitt plastforbruk. Ho foreslår å starte med å bytte ut plastprodukt det er lett å finne gode alternativ til, slik som bambustannbørste, handlenett eller barberhøvel i stål.

Vi bruker om lag 930 millionar plastbæreposar i Noreg kvart år, så våre handlingar speler ei rolle. Når ein har starta med å bytte ut enkle produkt, kan ein for eksempel prøve seg på ei utfordring som krev litt vilje og innsats – slik som å bruke gjenbrukbar kopp framfor eingangskoppar, eller skaffe seg bivokspapir for å kutte ut plastfolie, matpapir og/eller aluminimumsfolie, fortsett Maria. Men ho har ei lita nøtt ho sjølv enno ikkje har knekt.

Kompost eller gris?

Eg planlegg jo å ha plastfri-juli no. Då eg gjekk på lokalbutikken og skulle kjøpe eit par ting, så kom eg på: kva med dopapir? Korleis skal eg og alle andre som planlegg plastfri-juli få det til? Vi treng alternativ til dette, eg vil gjerne kunne kjøpe dopapir som ikkje er pakka inn i plast! slår butikksjefassistenten fast.

Maria fortel at ho nyleg har byrja med noko som heiter bokashi. Det er kompost som ein bruker inne, er luktfri og er fantastisk gjødsel – når ein har kome så langt.

Eg bruker den ikkje for gjødsel og jorda, men for å ha ein plass å kaste matavfall. Eg liker å kunne sortere alt og før tenkte eg alltid når eg laga mat at eg burde enten ha gris eller kompost. Eller begge deler. Grisene får kome seinare, ler Maria.

Grøn sommarferie

Utetrend er nyfikne på om Maria og Råvarene har gode tips til ein generell miljøvenleg ferie, anten i eigen by eller på tur.

Bambustannbørste er ein god start for din Zero Waste kit!

Om ein ynskjer ein grøn og sprek sommarferie har vi utallige fantastsikse sykkelruter og fjellturer i Noreg i storslott natur. Og for ein plastfri sommarferie er det lurt å skru saman ditt eiga «Zero Waste kit» som kanskje består av gjenbrukbar kopp, service, flaske, pose til frukt og grønt, samt handlenett slik at ein kan handle i lausvekt og unngå eingongsartiklar.

Maria sine 10 beste tips for å redusere plastforbruket, både på ferie og i kvardagen:

1: handlenett (930 millionar plastbæreposar årleg i Noreg)

2: Ikkje ta i mot eller kjøp typiske bruk-og-kast-produkt – gå for god kvalitet.

3: Unngå kjøp av flakevatn. Ta heller med deg ei god drikkeflaske.

4: Ta med din eigen emballasje, og kjøp varer i lausvekt. Du kan bruke glas, tøyposer, gjerukbare bokser eller papirposer.

5: Bambustannbørste

6: For jenter og kvinner: bytt bind og tampong ut med tøybind og/eller menskopp.

7: Når du er ute, spør om å få drinken uten sugerør – om du MÅ ha sugerør, ha eit av stål i veksa.

8: Erstatt plastfolie med bivokspapir som er antibakterielt og varar opptil eit år.

9: Shampo- og såpebarar istadenfor flytande.

10: Eingangskoppar har eit lag med plast på innsida – og sorterast som restavfall. Bytt ut koppen du får når du bestiller takeawaykaffi med gjenbrukbar kopp.

Utetrend takkar Maria og Råvarene for gode plastfri-tips, og vonar Bergen tar til seg tipsa og startar reisa mot mindre plast og meir miljøvenleg forbruk. Og så gler vi oss til å høyre korleis det går om Maria skaffar seg gris i framtida.

Kommentarer

kommentarer