Krakow_hovedbilde

Krakow – bergensarane som skal gi Bergenfest ein vegg av lyd.

Bergensbandet Krakow har vorte ein etablert del av den hardare musikkscena. Tysdag kveld avsluttar dei fyrste dag av Bergenfest, på scena Magic Mirrors. I den anledning har Utetrend tatt seg ein liten prat med bassist og vokalist Frode Kilvik.

Skribent: Mailiss Solheim

Foto: Francisco Munoz

På midten av 2000-talet vart det etter kvart etablerte og kritikarroste bandet Krakow danna. I hjarte av metallscena sin hovudstad, Bergen. Etter platedebuten Monolith har dei spelt seg inn i varmen hos dei fleste som er interessert i hard musikk, og spelt utallege konsertar i både inn- og utland.

Kva driv Krakow med om dagen?
-No førebur vi plateslepp og litt knask rundt det. Samt litt intern rydding. Det er mykje som skjer i kulissane.


Er de klar for å spele på Bergenfest? Kva skal de gi publikum denne kvelden?
-Vi gleder oss veldig til Bergenfest. Utroleg kjekt å få spele der. Vi vonar jo at vi vinn over nokre nye fans. Dei skal få servert ein vegg av lyd.


Er det nokre andre artistar/band de er gira på å sjå sjølve?
-Queens of The Stone Age, Audrey Horne, Nick Cave og Electric Eye.


De har halde på i over ti år, kva er det som gir dykk motivasjon til å fortsette?
-Motivasjonen for å drive med det vi gjer er musikken vi skapar samen. Og konsertane vi gjer. Vi tykkjer jo vi held på med noko eiga.


Etter så mange aktive år, har de vel kanskje samla opp eit greitt knippe med gode konsertminne? Vil de fortelje om ei spesiell festivaloppleving (som band)?
-Dokkem, Leeuwarden 2011. Vi var på turné med Kampfar, Vreid og Secrets Of The Moon. Då vi spelte byrja heile turnefølgjet vårt å grine. Av ein eller anna grunn vart alle emosjonelle. Vi spelte ein god gig der.


Kva er vegen vidare for Krakow etter Bergenfest?
-Etter Bergenfest er neste steg slepp av album 31. august. Vi jobbar også mot turné både i Noreg og Europa. Vi kjem vel snart med litt meir informasjon, avsluttar Kilvik.

Utetrend gler seg til å oppleve Krakow live i dei seine timane tysdag.

Kommentarer

kommentarer