Torjus_i_tre_tankefull

Møhlenpris motell

Hjerteslag, pønkarane som speler pop/poparane som spelar pønk, slapp nyleg singelen Møhlenpris Motell – tittellåten frå debutplata (2015) med same namn. Ein låt som vart droppa, men som låg og venta i mørkeret på motellet. Utetrend møtte gitarist Torjus Raknes på Landmark, for ein liten prat om låta, vegen vidare, sommarferie og fotball-VM.  

Av: Mailiss Solheim

Landmark, 5.juni. Sola skin ute. Utetrend sit med Torjus Raknes på bordet nærast bardisken, med kvar sin kaffikopp. Torjus har akkurat stengt sjappa og er moglegvis like klar som oss til å nye resten av dagen ute i sola. Etter eit intervju, så klart.

-Kvifor kom ikkje låta Møhlenpris Motell med på fyrsteplata med same namn?

-Eg hadde med meg riffa frå tidlegare då eg vart med i Hjerteslag. Robbie (vokalist) kom med tekst. Vi spelte låten ein del live i starten, men ho passa ikkje heilt på plata, difor vart ho ikkje med. Men ein dag ringde produsenten vår, og spurte om vi ikkje skulle gjere ferdig låta. Så då gjorde vi det. No er den ute, og vi er veldig nøgde, smilar Torjus.

Det er ikkje berre Hjerteslag sjølv som er nøgde med låta. Undertegnende diggar den catchy, samstundes røffe, stemninga i låta. Møhlenpris Motell kan du høyre her:

Hjerteslag har sidan debuten bygga seg opp ein real fanskare, og vorte eit formidabelt liveband som stort sett haustar svært gode kritikkar for alt dei gjer.

-Korleis vil du seie at de har utvikla dykk som band – om de har gjort det – sidan debuten?

-Masse! Spesielt dynamikken. Når ein har spelt saman i så mange år, vert ein meir samkøyrd. Vi har fått ein mykje meir raffinert sound, fortel gitaristen.

-Så kva tenkjer du er dykkar plass i det musikalske landskapet i Noreg og i Bergen.

-Hm, eg veit ikkje heilt, undrar Torjus. -Vi gjer vår eiga greie, utan at det kanskje er så nyskapande, men folk liker det, og det er det viktigaste, fortsett han.

I bakgrunnen høyrer vi rolege tonar frå musikkanlegget som enno ikkje er slått av for dagen, medan innhaldet i kaffikoppane minskar og samtalen flyt som om Utetrend var å snakka med ein gamal bekjent. Torjus jobbar som sjef for Landmark, men gjekk same dag som Møhlenpris Motell vart sleppt (1.juni) inn i sin siste månad i sjefsjobben. Vi kan berre undrast kor travelt eit liv som både sjef og musikar er…

-Kva er det som gir deg motivasjon til å fortsette å lage musikk?

-Det varierer. For min del får eg både tankar i hovudet når eg skal sove, og eg fungerer under tvang hehe. Det beste er vel kanskje ein kombo mellom innfalla og det pragmatiske, smilar musikaren.

-Så kva er planane dykkar for sommaren?

-Ferie! Vi slepp ny plate til hausten, og vi gjorde ferdig det meste av den på ei veke i mai. Så då vert det nokre festivaljobbar i sommar (Bygdalarm, Utkantfestivalen og ein i Nord-Norge), men mest av alt skal vi ha ferie. Det har vi ikkje hatt dei siste åra, seier ein engasjert Torjus.

Torjus er klar for sommarferie og å satse enno meir på musikken.

Som ein etter kvart veletablert musikar, lurar vi på om Torjus kan dele nokre gode tips til unge, lovande musikkspirar?

-Lag Rap! Hehe. Det er jo det folk vil ha om dagen. I alle fall, ta deg god tid, ikkje ha hastverk. Og spel masse live, ikkje ver for oppteken av å spele inn i starten, konstaterer Torjus.

Og liveshows er jo Hjerteslag kjende for. Den energien, den stemninga dei gir til publikum.

-Har de eit favorittminne med å spele live med Hjerteslag?

-No kan eg jo berre snakke for meg sjølv, men å spele på Torgallmenningen under Sykkel VM var sinnsjukt. Det er utruleg nært mi eiga leilegheit, og så var det så masse folk. Ganske unik oppleving, minnast Torjus.

Medan vi sit inne og preikar, er det ei markering på nettopp Torgallmenningen for å feire Verdas Miljødag som er nett denne dagen.

-I dag (5.juni) er det verdas miljødag. Har du nokre tips til folk om korleis dei kan vere litt meir miljømedvitne i kvardagen?

-Bruk mindre plast! Det er jo ganske lett. Og for meg er det viktig å unngå oppdrettslaks sidan eg har vakse opp ein stad med lakseelv. Og så burde ein kutte ned på kjøtkonsumet. Det er viktig å opne augo litt, eg kan ikkje fordra folk som ikkje vil sjå korleis ståa i verda er.

Men det er kanskje andre ting som kjem til å engasjere folk rundt omkring i byen enno meir dei neste to månadane. Så vi lurar på om Torjus skal følgje med på fotball-VM?

-Ja, så klart!

­-Kvar skal du sjå kampane då?

­-Eg kjem nok til å sjå ein del heime, fordi eg er glad i å vere heime. Og så vert det vel nokre turar på Victoria.

– Kven heiar du på då?

-Eg veit ikkje heilt. Eg trur eg snakkar for heile bandet når eg seier vi er litt trist for at Italia ikkje kom med. Men eg har ei lita tru på Belgia. Men så er det jo ein del lag eg ikkje har peiling på. Europeiske lag har eg grei oversikt over, men kor god er Sør-Korea og Japan liksom? Har kanskje Nigeria fått ein haug med unge, gode spelarar den siste tida? undrar ein engasjert Torjus.

Torjus på veg oppi treet.

Vi har drukket opp kaffien. Sola freistar. Så Torjus foreslår å ta fotoshoot i eit tre utanfor, like ved Lille Lungegårdsvann. Den avtroppande Landmark-sjefen klatrar entusiastisk opp i trekronene, og fortel at han han ser fram til å få enno meir tid til å satse på musikken når sjefsjobben er ferdig. Men det var ikkje like lett å klatre ned frå treet att. Vi vonar at det er eit teikn på at Hjerteslag fortsett å halde seg på topp i lange tider, og gler oss frykteleg til tredjeplata Nattseileren vert slept i haust.

Kommentarer

kommentarer