Nyresvikt2

Rockekveld i Bergen – Punk’s not dead

Det kan kanskje virke lite freistande å skulle stige ned til den indre kjerne av Bergen sin undergrunn, kjellaren på Garage, ein fredagskveld der alle varmerekordar er sprengt. Men Utetrend gjorde det med glede, fordi den sveitte lufta i rockekjellaren var ikkje på langt nær så hot og eksplosiv som det vi fekk sjå frå scena.

Av: Mailiss Solheim

Pønkarar on fire

Still Shaking varma publikum opp.

Sommaren har for lengst inntatt byen, men i følgje kalenderen var denne fredagen den fyrste sommardagen. Og sommaren sin fyrste konsert var det bookingkollektivet Skamrock som stod for. Med sitt motto «fra undergrunn til folkemunn» skulle dei gi oss ei god dose rockeglede. I siste liten hadde dei annonsert at poppønk-favorittane i Still Shaking skulle fyrst ut i elden. Og gutane var rett og slett on fire!

Korleis det var å sjå dei akustisk, kan du lese om her

Ingen svikt av Nyresvikt

Nyresvikt sparte ikkje på kruttet denne kvelden.

Ein gong i tida starta det som skulle verta til Nyresvikt så smått å øve saman i ein låve i Arna. I dag består (visstnok) bandet av tre fedrar og to brør. Men familieforpliktingar er visst ingen hinder for å spele hardt og rått. Med norske tekstar og ein vokalist som nesten gaula lungene ut, var Nyresvikt eit fyrverkeri på scena. Riffa dirra i den særdeles varme kjellaren, og fleire gongar hoppa vokalisten ut blant publikum i beste rockeande. Dei levde så særdeles opp til si eiga sjølvidentifisering: «Dette er punk, rock og hardcore som sparker deg hardt, men hjelper deg opp igjen etterpå. Som spilles alt for høyt, men aldri bør spilles lavere».

Oslo legevakt og samfunnskritikk

Pappasaft gir alt i beste pønkande

Kveldens headliner var Oslo-baserte Pappasaft. Pønk i skjæringspunktet mellom det melodiøse og harde. Her var det ingen forbod mot å gå på jobb i shorts. Det var særdeles god stemning og allsong frå start til slutt, med eit band som elska det dei sjølv gjorde, og moglegvis elska publikum enno meir. Deilige basslinjer, catchy gitar og taktfaste trommer tok oss med til politiske låtar som «Norske Bomber» og det meir humoristiske i «Legevakta». Betre stemning ein fredagskveld skal du leite lenge etter. Ein kan trygt seie at Pappasaft har treft spikaren på hovudet når dei seier dei speler «gla’ core».

Allsong frå Pappasaft og publikum som gjesta scena

Som siste låt, som så mange gonger før, køyrde Pappasaft på med «jeg skal synge med St. Peter når jeg dør» – og inviterte publikum opp på scena. Om ikkje dette er pønk, så veit ikkje eg… Og då gjekk det jo som det måtte gå, publikum ropte på encore, og Pappasaft avslutta ein fantastisk kveld med ei coverlåt dedikert til Still Shaking.

Goodtimes og gla’core er kjenslene Utetrend sit att med etter denne kvelden.

Kommentarer

kommentarer