evigheten023

Sommarlege, unike tonar frå Evigheten – ute med ny musikk nå!

Fredag slapp Evigheten sin nye låt Balansen. Med tonar inspirert av alt frå svensk barne-tv til rytmisk soul, tar bandet oss i denne låta med på ei reise for å forstå vår eiga eksistens. I den anledning slo Utetrend av ein liten prat med den norskspråklege kvintetten.

Av: Mailiss Solheim

Balansen
Evigheten består av låtskrivar og produsent Njål Paulsberg på vokal og synth, Kim Åge Furuhaug på trommer, og dei tre vokalistane Tonje Indrehus, Iselin Børve Toft og Mathilde Saunes-Skarsgaard. Musikken sin omtalar dei som elektronisk visepop med innslag av barokkmusikk, italiensk filmmusikk, svensk barne-tv og rytmisk soul. I sine tekstar utforskar dei universelle, religiøse bilete og idear, og målet er å skape assosiasjonar til det spirituelle og sakrale. Inspirasjonen hentar dei frå 70-tals funk, kormusikk, anna elektronisk pop og religiøse bøker.

Balansen er ein ganske så unik låt i det musikalske landskapet vi elles ofte møter om dagen. Med lette, taktfaste tonar er låta både sommarleg, mystisk og fløyelsmjuk.

For det fyrste, gratulerer med singelslepp! Låten har jo ei stor særeigenheit, korleis fann de fram til dette lydbiletet?

– Takk for det! Lydbiletet ber preg av at prosessen skal vere rask når vi spelar inn og miksar. Ingen av innspelingane er klippa i eller justert, så alt er litt ujamt, noko som gir ei veldig organisk kjensle. Det er få mikrofonar i bruk, noko som gir ein lett og luftig lyd. Låten er faktisk ikkje miksa, fordi den kjentest helt riktig då den var ferdig spelt inn. 

De seier at Balansen handlar om forståinga av vår eigen eksistens? Korleis har de utforska dette? Og har de funnet noko svar gjennom arbeidet med låta?

– Teksten handlar om ein person som finn seg sjølv i situasjonar der ho møter ei frykt for å falle ut av eksistensen. Det vi fortel ho er at ho er sjølve balansen, og at balansen ikkje kan falle.

Dei spontane ideane

Bandet debuterte på bransjefestivalen Vill Vill Vest i fjor. Mindre enn eit år seinare er dei altså aktuelle med sin andre singel. Utetrend lurar på korleis det siste året har vore.

Korleis har livet som band vore etter debuten på Vill Vill Vest i fjor?

-Vi har berre spelt éin konsert etter Vill Vill Vest, mykje på grunn av det har vore eit veldig hektisk år for medlemmane i bandet. Men, vi har skrive og spelt inn mange låtar, og det er mykje som kjem ut framover. Vi skal også spele fleire konsertar.

Kva er det som gir dykk inspirasjon når de lagar musikk?

– Ofte dukkar melodiar og tekstar opp frå ingenting. Vi prøvar å tenkje minst mogleg når vi skriv, og å halde på mest mogleg av desse spontane idéane i musikken.

Kvar vil de plassere dykk sjølve i det norske musikk-klimaet?

– Det er vanskeleg å plassere seg sjølv. Vi driv alle med fleire musikkprosjekt, anten det er kor eller band, men sjølve Evigheten driv på med ein musikk som samstundes er tett knytt til og ganske forskjelleg frå musikken vi elles driv med. 

Evigheten har fleire singlar og EPar på agendaen frametter, men vi er nyfikne på kva andre planar dei har utover sommaren.

Kan vi satse på å få sett noko live shows med dykk i sommar?

– Vi skal spele ein konsert på Landmark den 29. juni, det gler vi oss veldig til. Vi kjem til å dukke opp andre stader i løpet av sommaren, men ingenting som kan annonserast enno. 

Då er det med andre ord berre å sjå fram til å oppleve denne unike kvintetten på scena, og vente i spaning på neste singelslepp. Utetrend gler seg til å følgje med på kvar vegen går vidare for Evigheten.

Her kan du høre på Evighetens nye singel Balansen:

Kommentarer

kommentarer