IMG_5866

The Struts vann Bergen – Høgdepunkta frå fyrste dag av Bergenfest

Endeleg er eit av årets desiderte største høgdepunkt her – Bergenfest! Det var feststemde folk, goodtimes og ein god dose awsomeness på festivalens «rockedag». Og dei britiske rockarane i The Struts imponerte publikum og Utetrend stort!

Av: Mailiss Solheim

Rockedagen
Denne tysdagen var det duka for fest for dei av bergens befolkning som er glad i rockesjangeren. Med både byens eigne gutar i Audrey Horn som gav publikum kraftfull hardrock, Rival Sons med sin 60/70-tals riffrock, legendene i Queens of The Stone Age og dei mørke tonane til Krakow (som Utetrend intervjua her om dagen, les intervjuet her.) Men vi vil i dag fokusere på det som gav oss mest gåsehud, fekk dansefoten mest fram, og som vi seint vil gløyme. Nemleg det britiske bandet The Struts.

Sir Rock n Roll

Det var magi i sceneteltet Magic Mirrors med The Struts

Med glitter og stas, paljettar og 80-talets hårfrisyrar, entra dei fire britiske gutane scena, til vill applaus frå eit publikum i alle aldrar. Dei har sjølv sagt “we were born to do this. And we’ll die doing it.” Og at dei var fødd til å stå på ei scene var det ingen tvil om denne junikvelden! Frontmann Luke Spiller hadde publikum i si hole hand, medan han presterte vokalmessig på eit høgare plan enn ein skulle tru var mogleg. Det stappfulle sceneteltet Magic Mirrors var fylt til randen, og kokte frå start til slutt. Med eit band på scena med ein attitude vi berre kan drøyme om å sjølve oppnå. Det var med andre ord heilt på sin plass at Spiller gjekk ikledd ein gulljakke med påskrifta Sir Rock n Roll.

Glam

Med glam og glitter eigde The Struts Bergenfest.

The Struts sine låtar ligg i eit skjeringspunkt mellom god gamal glamrock og meir moderne rock n roll, og vi fekk assosiasjonar til alle dei gode gamle rockeheltane under deira timelange show. Men det er også den meir moderne klangen, som drar tankane litt mot amerikanske The Killers.

Luke Spiller fekk publikum til å hoppe. Spiller fekk publikum til å synge. Og Spiller sprang ut blant publikum under ein cover av David Bowies Rebel Rebel. Utan mikrofon. Og fekk publikum til å setje seg ned på golvet – og mane alle som ein til å synge med på vekselsong. 

La oss avslutte med eit sitat frå ein av The Struts sine låtar, One Night Only: «Like an eagle in the sky, you can’t controll it. There’s a magic in my eyes, and I can’t stop it – burning down. On the edge of tonight, ‘cause tomorrow we’ll be owing the world”. Det var magi i augo til Spiller. Det var magi i augo til publikum. Og visst søren, det burde ikkje vere lenge til The Struts eig verda. Dei eigde i alle fall Bergenfest!

Kommentarer

kommentarer