Foto: Robert Hendel

KAKKMADDAFAKKA er klar til å ta verda med storm

Bandet KAKKMADDAFAKKA annonserte nyleg at dei i haust skal legge ut på ein omfattande verdsturné. I oktober og november er dei klare til å ta verda med storm, frå Danmark, gjennom store delar av Europa og avslutningsvis i Brasil. Samstundes som turneen vart kjend for offentlegheita, lanserte dei også musikkvideo til låta «Hillside». Videoen er alt anna enn ekstravagant, og trekk kjendisnykkene ein verdsturné kan gi, ned på bakken. Eller rettare sagt – opp i fjellet.

Av: Mailiss Solheim

Foto: Robert Hendel

Med base i Bergen, har gjengen i KAKKMADDAFAKKA jobba seg opp ein real fanskare og eit stort, musikalsk repertoar. Kjent for sine catchy tonar og dansbare rytmar, har dei lagt mang eit publikum under sine føter. Det gjorde dei nok ein gong med 2017-albumet «Hus», med avslutningslåta «Hillside» – som no fått sin eiga sommarstemte video. Melodisk, behageleg og kanskje ein ny sommarhit for høgtalarane. Utetrend digger i alle fall låta og videoen.

Så lowkey, down to earth og naturskjønt. Er det ikkje deileg å sjå ein så nykter video?

Tidlegare i juli spelte gutane på Roskilde-festivalen. Det ryktes å ha vore ein eksplosjon av ein lettbeint glede, i følgje publikummar Marte Strand.

̶ Publikum song med, dansa og gutane på scena var i sitt eiga energiske ess. Det var den fyrste konserten på festivalen for min del, og den sette standaren for resten av festivalen og fekk meg i skikkeleg roskilde-humør, fortel Marte Strand.

Utetrend gler seg til å følgje med på vegen vidare for KAKKMADDAFAKKA og ynskjer lykke til med haustens verdsturné – vi vonar den vert like eksplosiv som Roskilde-gigen!

Kommentarer

kommentarer