leiving-28

Leiving –til alle som måtte meine at punken i Bergen er død!

I slutten av juni vart Utetrend merksam på at det var eit nytt hardcore-band i byen. Av den energiske og riktige typen. Leiving er nye på vår rockeliste, og singelen deira «Knedjupt» imponerte. Difor har vi slått av ein liten prat med dei hardtslåande bergensarane, om musikk og sommar og litt til. 

Skribent: Mailiss Solheim

Foto: Eirik Skeie

Bismak av skam

I fylgje seg sjølv, består bandet Leiving av fem unge tjommiar der det einaste dei har til felles er at dei speler i same band. Dei spelar punk av typen hardcore, og seier dei øydelegg hørsel og konsertscener og har tenkt til å fortsette med det på ubestemt tid.

-Kort oppsummert er Leiving ein leiving over naien til alle som måtte meine at punken i Bergen er død!

22.juni i år slapp dei låta «Knedjupt», som er hard, rocka, mørk og catchy – på ein og same gong. Utetrend er nyfiken på kva ein låt med eit slikt namn eigentleg handlar om (for til tross for god vokal, er det som kjent ikkje alltid like lett å høyre kva vokalisten syng ved fyrste lytting).

-Knedjupt handlar kort sagt om å vakne opp med ein bismak av skam i kjeften. Om det seg vere sjølvskulda eller ei. Knedjupt handlar om kjensla av utilslørt og visuell sjølvforakt blanda med ei god dose angst, får vi vite av hardcore-gutane.

Leiving live Lambasleppet under Festidalen

Surfing og ny musikk

Utetrend er som vanleg, i desse sommarmånadane, på kva bandet skal drive med i slike fellesferietider?

-I sommar skal vi surfe, stå på vass-ski og NAV’e. Neida. Vi jobbar knallhardt med å tilfredsstille dei tørste øyrene til våre 137 lyttarar på Spotify, og har store planar om å sleppe singel snart. Den jobbast det knallhardt med i studio i skrivande stund. Dessuten skal vi kose oss med Seidel og eingongsgrill og kanskje ta ein tattis eller to til. 

Kva er planane dykkar vidare? Kan vi vente oss nokre liveshows i Bergen?

-Vi slipp jo som sagt singel om ein månads tid om alt går etter planen, og så skal vi spele på Kvarteret 11. oktober, så det er jo noko.

Har de ein favoritt-sommarlåt som får sommarstemninga helt komplett?

-Vi har jo alltid Cascada – Everytime We Touch (Nightcore Remix), men den desiderte sommerlåten 2018 for vår del må nok bli Hellbilly Handfishin’ av Bokassa! Den er fet! Avsluttar Leiving-gutane.

Utetrend er spente på vegen vidare, og vonar vi får med oss gigen 11.oktober.

Låten kan høyrast her: 

Kommentarer

kommentarer