MagneticFeels1

MAGNETIC THURSDAY

Artisten Fred Well har i sommar gitt oss eit nytt og festleg konsept: «Magnetic Thursday». Fire torsdagar frå 12.juli til 9.august lanserar han ei låt med tilhøyrande drink. Oppskrift får vi i beste 2018-stil på youtube, Kan det bli betre? I den anledning har Utetrend slått av ein prat med mannen bak konseptet, og vonar våre lesarar får inspirasjon til siste julihelg for i år

Av: Mailiss Solheim

Så langt i rekka har Fred Well rukket og gi oss to låter og to drinkar å nyte i den formidable sommarvarmen (og to til står for tur dei neste vekene). Utetrend er nyfikne på både tydinga i låtene og på korleis konseptet oppstod.

Magnetic feels 

-«Magnetic feels» handlar om at det ikkje er så lurt å hooke opp med exen – noko eg føler har skjedd med dei fleste, røper artisten.

Utetrend tykkjer låta er perfekt for sommaren, og leikande lett å ha på høgtalarane når helga står for tur. Det same gjeld vel drinken ved same namn?

Magnetic Feels:

  • 1 oz Simple Syrup (brown sugar)
  • 1,75 oz Lemon Juice
  • 1,5 oz Bourbon Whiskey
  • Touch of Cointreau
  • 1 Egg
  • Touch of Pomegranate juice

Her lagar Fred Well drinken «Magnetic Feels”

Partners in crime

 «Partners in crime» handlar eigentleg om barndomsvener som har «forsvunnet» eller starta nye liv, fortsett Fred Well.

Her lagar Fred Well drinken Parnters in Crime

Det er vel noko vi alle kan kjenne oss att i? Denne låta er i same taktene som førre, men i Utetrend sine øyre hakket meir upbeat – og det er jo heller ikkje feil når helga står for tur. Men er det meir enn musikk og drinkar som er sommar for Fred Well?

-Sommar for meg er festivalar, sol, god mat og drikke, familie og gode vener.

Sommaren i Bergen i år har vore helt konge, kunne nesten ikkje vore betre. Mykje bading, seine middagzr, turzr i fjellet, konsertzr, og sjølvsagt MANGE cocktails.

Og så lurar vi sjølvsagt på korleis og kvifor du kom på konseptet med å blande låt- og drinkslipp?

-Vi ville gjere noko litt gøy og sat difor saman 4 drinkar som passar til kvar sin låt.

Eg er veldeg glad i å lage cocktails, det er sommar og tenkte dirfor at det kunne passe bra. Kjem nok aldri til å jobbe som bartendar, men det er uansett gøy å eksperimentere litt, konstaterar mannen bak Magnetic Thursday.

Så kva er din absolutte favoritt-sommardrink?

Heilt klart Whiskey sour!

Og heilt til sist, kva er din favoritt-sommarlåt – som berre får deg til å dra fram dansefoten?

-Latch – Disclosure er ein perfekt låt om sommaren! Avsluttar artisten.

2.august vert låta og drinken «Perfect Harmony sluppet», og 9.august kjem sluttlåta «Inferno». Utetrend gler seg til nye sommartonar og -cocktails å prøve ut!

Kommentarer

kommentarer