A Prayer Before Dawn Joe Cole

Dop, boksing og fengsel – ein kinotur med studentrabatt

Eit nytt semester står for døra, og for nye og gamle studentar gjeld det å finne alle rabattar som kan skåne ei mager studentlommebok. Lite profilert, men gledeleg for alle som ventar på 15. kvar månad, så har Bergen Kino studentrabatt mandag til onsdag. Kvar veke. Utetrend tok seg dimed ein liten tur for å sjekke ut “A Prayer Before Dawn” – ei ganske fengslande (no pun intended) historie, basert på verkelege hendingar. Forteljinga om ein engelsk boksar, som pga. dop havnar i eit thailandsk fengsel. Og nett boksinga skal verta hans frelse.

Av: Mailiss Solheim

“A Prayer Before Dawn” er ikkje for sarte sjelar. Det er hard kost, men malt utover kinolerrete på ein fantastisk, truverdig måte. Noko mindre hadde vore for dårleg for dette plottet. Ei rekke hendningar som faktisk har skjedd. Hovudpersonen Billy More har rota seg bort i ei dopinfisert ulykke i Thailand, og det tar ikkje lang tid før han vert sett bak lås og slå. I eit land der han ikkje kan språket.

Utetrend vart svært fascinert av forteljarstilen i denne filmen. Korleis narrativen drog seg fram lenge utan dialog. Eller rettare sagt: utan dialog sjåaren forstår. Det er eit hav av thailandsk babling, men denne stilen gjer at alle som ser filmen (og ikkje kan thailandsk) kjenner seg like forvirra som Moore sjølv.

Med vald og det som verre er i fengselet, vert vi kjend med ein fortvila mann som etterkvart får ei sjanse til eit betre liv (i fengselet) pga. sine bokseferdigheiter. Plottet vart solgd til oss utan skepsis allereie før kinoturen. Undervegs vart vår skribent berre meir overtyda. Overtyda om at denne filmen bør stå på alle si må-sjå-liste.

I fare for å spoile for mykje av det som skjer på skjermen, og gjere kinoturen mindre spanande (og uforutsigbar) for våre lesarar, skal vi ikkje seie så mykje meir. Anna enn at “A Prayer Before Dawn” er ein film for både deg som likar “Rocky”, for deg som likar “Orange is the new Black” og “Oz”, og for deg som likar gode historier. Men pass på mageinnhaldet, det kan vere du ser ei scene eller to der kvalmen slår til.

Kommentarer

kommentarer