bloodcommand

I studio med Blood Command

Bergensbaserte Blood Command var i august i studio for å spele inn ny EP. Utetrend fekk besøke den hardtslåande kvartetten i innspurten av arbeidet. Og vi kan spoile at det låt røft, fett og ekte.

Av: Mailiss Solheim og Christine Hetland

Foto: Privat

Blood Command har sidan oppstarten i 2008 vore eit pønk/hardcore-band å rekne med, både i Bergen og i landet forøvrig. Med sine røffe låter og taktfaste toner, har dei spelt seg inn i hjartene til dei fleste musikkinteresserte. Dei har ei rekke utgivingar på samvitet, i tillegg til ei turneliste dei fleste av oss berre kan drøyme om. Og no har altså bandet vore i studio, og til fansen si store glede gått attende til røtene og Hand Us the Alpha Male (2011).

Back to the roots

Utetrend er spent på Blood Command sin nye musikk, og lurar på om det er noko spesielt tema eller raud tråd på den nye EPen?

– På 2011-EPen Hand Us the Alpha Male er det ein låt som heiter Summon The Arsonist!, og den er ein favoritt blant våre næraste fans. Så vi hadde lyst å lage ein oppfølgar, litt som ein “toar” av låta, fortel Yngve.

– Planen var eigentleg berre å spele inn ein singel, med ei B-side, for å ha noko ny musikk å turnere med til hausten. Men så balla det på seg, og så sit vi her i studio og jobbar med ein EP, fortsett gitaristen.

Så kva er det som er likt med dei gamle og desse nye låtane då?

– Det er både stilen og tematikken – spelemåten kan du sei. Og denne EPen har nokre hists, og mykje kaotisk. Det er nokre soleklåre poplåter, og ting for dei spesielt interesserte, seier han vidare, til bekreftande nikk frå Simon (bass) og Sigurd (trommer).

Turné i Europa

Når vi møter Blood Command har dei vore i studio i ei veke, og nærmar seg siste innspurt.

Så kva er planane vidare, når de er ferdige i studio?

– Vi skal turnere 10 dagar i Storbritannia, saman med Rolo Tomassi. Vi har lenge preika om at vi vil spele med dei, sjølv om vi sjangermessig ikkje er heilt i same gate, seier Yngve.

– Og så skal vi ein liten tur til Tyskland og, skyt Sigurd inn.

Dato for release av EPen er ikkje satt, men vi merker at bandet er ivrige på å få ut dei nye låtane. Men som ein smakebit fekk vi høyre noko av låtpasasjene som var klare, og vi kan røpe at det låt fett. Det var energisk og autentisk. Og ganske riktig, vi sat att med 2011-kjensla, og vi kan nesten ikkje vente til låtene kjem ut til folk flest.

Kommentarer

kommentarer