Psykopath

Psykopath – thrash metal og primalt instinkt

Bergensthrasharane i bandet Psykopth har nett gitt ut EPen Primal Instinct. Til tross for sin unge alder, graver dei seg djupt ned i god, gammal thrash, og har eit håp om å få sjangeren attende på det musikalske kartet.

Av: Mailiss Solheim

Psykopath består av fem unge menn, med kvar sin bakgrunn og musikksmak. Men alle har til felles kjærleiken til den harde, råde thrashen. Undertegnede hadde ei kjensle av at Exodus kom til å vere dei store heltane, men Megadeath trakk klårt det lengste strået, då Utetrend møtte gjengen på Apollon ein fredag i august.

Rundt bordet sat fire av fem i bandet: vokalist Ivan, gitaristane Viljar og Johannes, og bassisten Kristian. Tromissen, Mats, var diverre på ferie i eit sydenland, og kunne ikkje redde Psykopat si ære når det kom til fotballkunnskapar. Meir om det seinare.

Vi får fort kjensla av at Psykopath er eit band med store visjonar, og eit solid venskap i botn. Dei fortel at Ivan og Johannes har spelt saman sidan 8.klasse, og har hatt ulike musikalske prosjekt gjennom åra. Men fyrst når resten av dagens besetning kom på plass, vart Psykopath det dei er i dag. Det kjem for ein dag at Viljar eigentleg har bakgrunn som pianist, og at Johannes eigentleg helst vil høyre på 70-tals rock. Men dei kjem alltid attende til heltane i Megadeath.

Primal Instinct

Primal Instinct er EPen bandet slapp 24.august, med låtene Primal Instinct, Armageddon og Lethal Introspect. Det heile er ganske røft, rått og hardt. Og ikkje minst tight. Utetrend gir ein high five og plassering på undertegnede si speleliste for helga. Men vi lurer litt på korleis det var å vere i studio?

– Det var hardt arbeid, men veldig gøy, smiler Ivan, med bekreftane nikk frå alle kantar.

Så kva er planane no etter at EPen er sluppet?

– Det blir vel å lage meir musikk, kjem det unisont frå alle fire (og vi tipper han i syden er samd også).

Verden er liten

Som vanleg, vil Utetrend ha tips til lokale band og artistar vi kan sjekke ut, for å utvide både vår eiga og våre lesarar sin horisont. Så kva vil Psykopath anbefale?

– Leiving! Dei har vi nettopp oppdaga, og dei er sjukt kule, fortel Johannes.

Vi kan ikkje anna enn å seie oss samde, og minne deg på intervjuet vi gjorde med nett Leiving.

Og kva internasjonale artistar/band kan trasharane anbefale?

– Cro Mags, meiner Ivan.

– Eg såg nett Roger Waters i Telenor Arena i Oslo, fortel Johannes.

Ikkje alle liker fotball

Så til dette med fotballen og han som ikkje tok telefonen på ferie. Utetrend prøver å mikse jobb og privatliv for å få tips til sitt Fantasy lag, men Psykopath var kanskje ikkje rette bandet å spørje til råds. For gamle stjerner som David Backham eller filmeekspertar som Neymar er ikkje akkurat med i Permier League.

Kristian har ei fortid med fotballturar til England med far sin, men har ikkje arva faren si interesse, og Johannes leitar Pogba fram frå undermedvitet. Det siste kan kanskje vere eit alternativ. Men alle retta auga mot fråverande Mats. Og til alle si skuffing tok han aldri telefonen – og Utetrend-skribenten ligg ikkje spesielt bra an i sin liga i skrivande stund.

Kommentarer

kommentarer