Sipher4.IMG

Sipher si debutplate er noko utanom det vanlege

Det byrjar å verta ei stund sidan Os-rockaren Eirik Søfteland song seg fram til ein andreplass i Idol 2013. Sidan den tid har han figurert på TV-skjermen i både Skal vi danse, Stjernekamp og Århundrets stemme. No er han plateaktuel med bandet Sipher og debutalbumet Atlas. Ei plate som er mildt sagt sjangeroverskridane, med rom for både det melodiske og det harde.

Skribent: Mailiss Solheim

Foto: KLIX

Faktisk, så er debutplata til Søfteland og co eit prosjekt som vart påstarta i 2014, og har foregått i fleire ulike studio, i fleire ulike byer i landet. Men publikum har tidlegare fått ein smakebit med singelslepp av plata sine to fyrste låter: Atlas og Disco Aces.

Dette er også kanskje plata sine mest ulike låter (jamfør sjangeroverskridane). I løpet av dei sju og eit halvt minutta desse to låtene varer, går tankane til band som både Guns n Roses, Hammerfall, Muse og Placebo. Rimeleg forskjellig, altså. Men det er alltid eit hardt bakteppe, med sterk vokal og fengande rytmer.

Ein ting er å vere nyskapande, men kan det verta for mykje blanding av sjangre? spurte vi oss, dei fyrste gongane vi høyrde Atlas (plata). Utover i låtene vert blanding av element mindre, og det vert meir av den reindykra hardrocken – med ei grei dose metal-tensenser. Det er melodisk og hardt, med referansar til mjukare sjangre.

Søfteland har sjølv sagt:

“Eg forsøker å fange det progressive eg vaks opp med i barndomen, og dei banda som påverka meg då, men også drive innom 80-talet – stadionrockens svøpe. Men alt vert bunde saman av 70-talet. Det er der alle mine “helteband” kjem frå.”

Så sant som det er sagt. Du høyrer inspirasjonskjeldene godt. Og ja, det er lytteverdig til tross av denne sjangerblandinga vi stadig stresser! (eller kanskje nett på grunn av den?) Eirik Søfteland har ei stemme som skapt for rock, og Utetrend tviler på at dette er siste gong vi høyrer frå han og Sipher.

Kommentarer

kommentarer