Gresk-Pai

Vegan-guide: Gresk Pai

For deg som er ny i Bergen – og til alle dykk som treng litt vegansk inspirasjon – har vi starta ei vegan-spalte. Dette er fyrste artikkel i vegan-guiden av Utetrend, og vi startar med å sjå nærare på ei lita, sjarmerande sjappe med namnet «Gresk Pai».

Av: Mailiss Solheim & Christine Hetland

Vegansk mat, eller plantebasert mat om du vil, er bra for deg og helsa di, for miljøet og for dyra.

Uetrend heier sjølvsagt på dei gode tinga i livet, og har tatt ein liten tur rundt i Bergen for å teste veganske alternativer. Vi kan røpe at smakslaukane er rimeleg nøgde.

Gresk Pai er ei autentisk, lita sjappe, som passar dei fleste lommebøker, og i tillegg tilbyr studentrabatt.

Det er eit lite lokale, med kasse, kjøledisk med paier og mange små prisskilt. Dette alternativet passer best for take away, men det er også ein liten etekrok for deg som er for svolten til å vente.

Gresk Pai er en liten smak av Hellas.

Ein liten smak av Hellas, midt i Bergen, men ein hyggeleg eigar som har meir paikunnskap enn dei aller fleste. Perfekt som go-to-plass for studentar og svoltne veganarar som vil ta vare på innhaldet i lommeboka.

Vi får vite at bestselgaren av dei veganske atlernativa er purrepaien, som disverre var utsolgt då vi entra plassen godt utpå dagen. Vi fekk derimot smake to av mini-paiane. Ein med tomat og oliven, og ein annan med spinat.

Og herre, så vinduderleg det var! Utetrend sine skribentar var usamde om kva for pai som var best. Så la oss gi “topscoore” til begge. Det smakte perfekt oliventapenade og krydra spinat. I den beste, sprøaste paideigen vi har vore borti på lenge.

Dei gjer også catering – så her skal vi bestille mat frå neste gong vi skal ha fest!

Adresse: Jonsvollsgaten 5, 5011 Bergen (Den fine “nye” gaten bortanfor Bergen Kino).

Kommentarer

kommentarer