Roxy-veganburger av Christine Hetland

Vegan-guide: Roxys

Tilbake med eit drypp vegansk inspirasjon. Har du vore på vegantreff, er det mogeleg at vi har sett deg på biletveggen til Roxys. Om ikkje og du berre er litt nyfiken på kva veganarar et, kan vi nemne at Roxys har byens beste (veganske) milkshake!  

Av: Mailiss Solheim & Christine Hetland

Roxy’s er ein “diner”-oppleving utan like. Så gjennomført, så catchy og stemningsfullt. Vi var spente på om maten var på same linje. Vi prøvde vegansk burger og ein chilisalat.

Til dessert tok vi eplekake og milkshake. So so sweet!

Burgeren var dobbel ja. Og med god konsistens og det er det ikkje alltid ein får på vegansk burger. Men vi lurar på om den er “ferdigkjøpt”. Det kan jo trekke ned, men hallo –så lenge den er god, er det betre enn å lage ein eigen, slapp burger.

Det beste med hovedretten var kanskje aiolien. Åjeheiane. Den er verdt besøket i seg sjølv. Salaten var også nice og passar for deg som ikkje er svolten som ein hest.

Deilig nachos med syltet rødløk.

Det var likevel godt med mat, men vi kunne ynskja oss litt meir smak i soya-farsen. Men tortilla-chipsen til løfta denne retten opp på langt over godkjent nivå.

Og så til tilbehøret. Roxy’s har kanskje den beste “frisen” vi nokon gong har smakt (og ein av våre skribentar er over gjennomsnittet glad i fries). Løkringane var på same nivå.

Og desserten då: rykende fersk eplekake som smelter på tunga. Kan du ynskje deg noko betre? Og med ein søt milkshake, basert på sojais. Nam nam. Vi er usikre på om det finns betre vegansk milkshake nokon plass i verda.

Milkshaken fra Roxy er utrolig god og fås i flere smaker.

Kommentarer

kommentarer