Voodoo by Troll Toftenes

Vöödöö platedebuterer i dag med sin heavy soul

I dag slepp Vöödöö sin debutplate “Ashes”. Bandet omtalar musikken dei speler som heavy soul. Låtene på skiva rørar seg i eit landskap der tradisjonelle rocketoner møter funk-aktige rytmer, og har ein mjuk og luftig vokal i front.

Av: Mailiss Solheim

Foto: Troll Toftenes

Bandet seier sjølv at “Ashes” er ei skive som tar rocken attende til utgangspunktet, og sprenger grenser derifrå. Dei identifiserar seg med lydbiletet til band som Queens of the Stone Ange, Royal Blood og Artic Monkeys. Utetrend vil tilføye at plata har tendenser som i tillegg minner om Muse sitt eldre materiale (spesielt på låta “King and Crown”).

Vi har spurt bandet om korleis dei sjølve vil beskrive albumet?

– Ashes er ei reise gjennom tunge riff og vakre melodiar, og tar for seg tema rundt tap og sorg, og det å sjå ljoset i enden av ein mørk tunnel.

“Ashes” er ei plate som vokser på deg di meir du høyrer på den. Ingen låter er like, men alle har eit fundament i det tunge og mørke. Rytmene ruller taktfast, med eadge og sjel. Med alt frå sårbare vokalparti til dansbare og allsongvenlege parti, er dette albumet eit must å sjekke ut.

Det er gjennomført og spanande. Låtene byggar på tradisjonelle element frå rock og hardare sjangre, men utfordrar og overraskar lyttaren på ein nyskapande måte. Ein serdeles godkjent debut, med andre ord.

Vöödöö består av Giuliano  Antonio LoMonaco på trommer,  Stian Brungot på Bass, Gøran Stavang  Skage på vokal og Sveinung Fossan Bukv på gitar

Når kan vi vente å få sjå dykk live i Bergen då?

– Vi skal ha releasekonsert 29. september på den nyåpna venuen Skur 14. Vi gler oss sinnsykt til det!

Låtliste:

  1.  Ashes
  2.  Lay Me  To Rest
  3.  The Secret
  4.  Dots
  5.  Shine  On
  6.  Broken  Cage
  7.  Let It  Burn
  8.  King  and Clown
  9.  The Rope

Kommentarer

kommentarer