Fleichers.jpg

Kvinna i tårnet – ei spøkelsesforteljing

Du kjenner sikkert mange skrekkhistorier som finn stad i eit hus eller på eit hotell. Men visste du at du ikkje treng å dra lengre enn til Voss for å besøke ein slik plass?

Av: Mailiss Solheim

På Voss finns det eit ærverdig hotell. Med lang historie og mogelegvis eit spøkelse på kjøpet. Fleicher’s Hotell ligg så nær togstasjonen det er mogeleg, og det er ikkje så rart at hotellet har laga sin eigen emneknagg #toginn #togut.

Fleichers er eit historisk sukk i ein ofte mordernisert hotellbransje. Gamle møblar og stil er tatt vare på, og lysekronene i taket sender tankene langt attende i tid. Dagens hotellvertskap er femte generasjon Fleichers, og det er tydeleg at familiehistorikken vert godt tatt vare på.

Det kaldaste rommet på hotellet.

Tidleg fredag kveld kjem vi til hotellet, rett frå toget. Mørkret har senka seg, og det gamle bygget står majestetisk ved sidan av stasjonen, og liksom vokter over byen det har vore kjennemerke for så lenge. I skranken får vi to nøkkelkort, som begge skal slippe oss inn på rom 407. Rommet der det vert sagt at hotellets fyrste vertinne, Magdalene, går att. Ja, eg er litt nervøs.

Og nervøs, det var eg med god grunn. Rom 407 ligg oppi toppen av eine tårnet. Innerst i ein gong. Det fyrste som skjer, er at nøkkelkortene ikkje virkar. Vi prøver begge. Låsen lyser berre raudt. – Åjeheiane, dette er jo ein bra start på spøkelsesopphaldet, seier eg.

Men det tar ikkje lang tid før makkeren min prikker meg på skuldera og spør: – er du sikker på at det er rett rom? Det var det altså ikkje. Eg hadde stått eit par minutt og prøvd å kome meg inn på rom 408. Unnskyld til den eventuelle gjesten som måtte ha vore på rommet sitt og vorte skremd av rare lyder i døra. Og rare lyder i døra kjem vi attende til. Det hende faktisk når vi var på andre sida av vår eiga hotellromdør også…

Kanskje er dette berre eit trekkfullt rom, eller kanskje er det Magdalene som går att. Det har iallefall vore reportert om småbarn som har sett ut til å sjå ting vi vaksne ikkje ser her…

Det vert sagt at rom 407 er det kaldaste på hotellet. Medan dei fleste andre rom er varme og lune, går det kalde gufs (eller trekk) nesten kontstant gjennom dette rommet. Magdalene sjølv pleide ikkje sove her, men ryktene har det til at sidan dette var eit rom vekke frå resten av hotellet, var det ein perfekt plass å snike seg bort når ein trengte ein pause frå mas og kjas.

Familiehistorie, lokal øl og sterke kvinner

For å få vite litt meir om hotellet si historie, og ikkje minst om Magdalene, får vi møte marknadssjef Alette i eit eige rom i restauranten, der vi får servert ein lokal øl og vert imponerte over ein langt over gjennomsnittet god treretters. Eg hadde på førehand spurt om det fantes veganske alternativ å få tak i, og gjett om det var det. Brokollisuppe, taiinspirert curry og heimelaga sorbet til dessert. Det er ikkje anna å seie, enn at eg framleis får vatn i munnen når eg tenkjer på dette måltidet.

Medan klokka tikkar seg fleire timar framover, går samtalen som om den var mellom gamle kjentsfolk. Historiene var mange, og hotellet si forteljing er så enorm, spanande og engasjerande, at det er vanskeleg å berre skulle fokusere på ein brøkdel. Men hallo, det er halloween, og nokon er over gjennomsnittet horror-nerd av oss. Og det er ganske ålreit at i sentrum av forteljinga finn vi ei sterk kvinne. Magdalene. Hotellet si fyrste vertinne, som gifta seg med den opphavlege hotellverten for over 150 år sidan.

Passande nok, gjekk det eit lite grøss gjennom oss alle, då middagen var ferdig, og alle dei tomme borda i vår del av resteuranten plutseleg stod dekka med tende stearinljos. Eg trur kanskje det var servitørane som stod bak, og vi berre ikkje såg det. Men liker du grøss, kan du få lov å tenkje noko anna. Uansett, spøkelse Magdalene er av det snille slaget i følge alle våre kjelder.

Det er lysekroner i dei fleste rom. Men uansett kor lenge vi stirra på dei, skjedde det ingenting skummelt.

Telefonen som forsvann

Vi budde i toppen av eit tårn. I kjellaren er det treningsrom og basseng. Turen ned gjennom trappeoppgongen er svimlande i seg sjølv.

Om det ikkje er nok å få sove i ei deileg hotellseng og ete fantastisk middag med lokale råvarer, så har hotellet sine gjester mogelegheit til å ta seg ein svømmetur i bassenget og slappe av i boblebadet. Men også i kjellaren har det skjedd merkfundige ting.

Vår vert, Alette, fortel om ein sein kveld for nokre år sidan. Ho sat og jobba med lønningar bak resepsjonen, då resepsjonisten kom skrekkslagen inn. Bassengrommet som stenger klokka 20, og vert vaska like etter, har ein telefon. Og denne telefonen hadde ringt til resepsjonen – men utan noko stemme i andre enden. Dette måtte dei sjekke ut!

Då dei to kollegaene kom ned, var det ingen folk der. Og det var heller ingen telefon. Den hadde forsvunnet. Berre telefonuttaket var att – og det er det, ikkje telefonen, som har sitt personlege nummer. Den dag i dag veit ingen kven som ringte, og heller ikkje kvar telefonen tok vegen.

Vi besøkte bassenget opp til fleire gonger for å svømme og å slappe av i boblebadet. Så vidt vi veit skjedd det ingenting overnaturleg medan vi var der. Og den nye telefonen var stille.

Natta

Gode og mette, litt skremte og søvnige etter ein lang dag, var det etter kvart tid for å ta kvelden. Det skulle verta den mest spøkelsesaktige delen av oppholdet.

Du hugsar kanskje at eg nemnde rare lyder i døra? Det skulle slå til på nattestid. Opp til fleire gonger kom det klikk frå døra og nøkkelkorthalderen. Som om nokon prøvde å kome seg inn. Du kan tru det vart veksla nokre småredde blikk då det hende.

Om vi skal leggje fornufta til grunn, mistenker vi diverre etter litt ettertanke, at det berre var teknologien i kortlåsen. At den den brukte nokre minutt før døra låste seg automatisk etter at vi gjekk inn. Men vi sov med lyset på, og eine vinterjakka vår var plassert ein annan stad enn vi trudde vi hang den, då vi vakna morgonen etter. Og veit de kva, den døropplevinga skremte meg så fælt at eg flaut nok måtte seie til det potensielle spøkelset: –Magdalene, om du er her kan du godt vise det, men ikkje gjer noko som vert for skummelt for meg.

Overtruisk eller ei, det var små drypp av merkelege ting som hende denne helga på Voss. Personalet som jobber på kjøkkene og restauranten fortalde om bestikk og dekketøy som forsvann, eller endra plass nattestid – men inrømma at dei helst trudde det var nattskiftet i resepsjonen som tok seg ein tur innom, heller enn Margrete. Men kanskje, etter fleire brannar gjennom historia på hotellet, den siste som starta i kjøkkenet, at hotellet si fyrste vertinne tar turen innom ein gong i blant, for å sjekke at familiearven framleis er i gode hender.

Fleicher’s har husa mange kongelege gjennom tidene, og nokre har fått bilete sitt på veggen i salongavdelinga.

Kommentarer

kommentarer