LANZAROTE

Ei låt om ferieøya, demensavdeling og inflight-magasiner

I dag slepp den bergenske indie-artisten Joakim Koala låta Lanzarote. Eit lite stikk i haustmørkre, om sommarminner og lysere tider. Koala leikar seg med analoge synthar, og vert inspirert av m.a. Tame Impala, Bon Iver og John Carpenter sitt mørke univers. Dette har resultert i ein “popete” melankoli, som med sitt svevande lydbilete og rett-på-sak-tekst, er servert på rimelege elegant vis.

Av: Mailiss Solheim

Utetrend har slått av ein liten prat med bergensartisten Joakim Koala i anledning låtsleppet. For alle som har besøkt ferieøya Lanzarote, er det lett å tenkje at låten handlar om vulkanske sydenlandskap og lange solskinsdagar. Men gjer ho eigentleg det?

– Lanzarote skreiv eg etter å ha vore ei veke på avslappande charterferie. Eg ville forsøke å lage eit slags musikalsk postkort. Sangen har nokon luftige koringar og synthar som minner meg om vinden på Lanzarote, fortel Koala.

Men skal vi tru Joakim rett, så tar teksten ei litt anna retning enn det musikalske i låta. Han inrømmer at den delvis er inspirert av erfaringar frå å ha arbeida på ei demensavdeling, i tillegg til inflight magasin frå lomma på flysetet.

– “Shoppingmulighet” og “skyline” er typiske inflight-ord som eg tykkjer det var gøy å ha med i sangen, fortsett artisten.  

Så, saknar du sommaren?

– Akkurat no saknar eg sommaren ekstremt – fordi det regnar altfor mykje. Det deilegaste eg veit med sommaren er å bade, og i år har det jo kanskje vore tidenes fineste badesommar. Kanskje det må verta ein tur til Lanzarote for å dempe abstinensene? avsluttar artisten på spøkefult vis.

Lanzarote kan du høyre her:

Kommentarer

kommentarer