The NUN

Start Halloween-månaden med The Nun

Frå skaparane av The Conjuring-universet har no det mørkaste kapittelet (så langt) nådd norske kinolærett!

Av: Mailiss Solheim

Når ei ung nonne på eit kloster i Romania tar sitt eige liv, vert ein prest og ei novise sendt for undersøke dei mystiske omstendigheitene rundt nonna sin død.

På oppdrag frå Vatikanet risikerer dei ikkje berre livet, men også si tru og sin sjel. Dei vert konfrontert med ei vondsinna kraft i form av den same demoniske nonna som fyrst terroriserte publikum i «The Conjuring 2» (2016). Det er altså berre å førebu seg på det mørkaste kapittelet i Conjuring-universet. Om du tør!

The Nun er femte film i Conjuring-universet, og handlinga er sett til etterkrigstidas Romania – nærare bestemt 1952. Kampen mellom det gode og det vonde er like gamal som mennesket sjølv, og er vel stort sett det mest sentrale i alle skrekkfilmar. Denne filmen er ikkje anleis. Det er ingen spoiler å seie at monsteret, den vonde krafta, har form av ei nonne – kledd i nonners tradisjonelle svarte drakt.

Symbolikken på kampen mellom godt og vondt kunne ikkje ha vore klårare, når den kvinnelege hovudrolla er ei novise – ein nonne-praktikant om du vil – kledd i novisa si kvite drakt. Og symbolikk, både generell og frå den kristne tradisjon, er det mykje av i denne filmen om du ser etter. Men du treng ingen kristendomsbakgrunn for å verta så skremt at du helst vil sove med lyset på i lange tider etter kinoturen.

The Nun har fleire lag, og hovudpersonane bær med seg sine historier, som gradvis vert rulla ut over skjermen, medan notidas (1952 altså) kamp vert meir og meir intens. Kvart bilete er flott komponert, med dystre og stemningsfulle fargar. Og store delar av filmen sit du i kinostolen og ventar på ei kveppe-scene. Det er intenst!

Nokon hvedar at kristeninspirerte skrekkfilmar er avleggs. At det er oppbrukt. Men det vil undertegnande seie seg usamd i! Kampen mellom det gode og det vonde er universelt, og kristendomen har kjende elementer for «folk flest» – og er eit etablert univers i horrorsjangeren.

Uansett, The Nun er ein fantastisk ekkel oppfølgar (eller forløpar) til «The Conjuring 2», som lev opp til skrekkfilmseriens rykte. Filmen når kanskje ikkje heilt opp på fullt terningkast – men kva skrekkfilm gjer det? Utetrend anbefaler alle som ikkje er for mørkredde å få med seg denne grufulle historien (og kanskje få ein idé til årets halloween-kostyme?)!

Kommentarer

kommentarer