iwantcandy

Vegan-guide: Halloween og snop

Om nokre veker er det klart for halloween, med både skrekkbaserte festlegheiter og “knask eller knep”. Til begge høve er det greit å ha i mente at ikkje alle et alt, og kanskje du vil ha eit supert alternativ til alle dine veganvener? Eller kanskje du vil køyre utelukkande vegansk på årets halloween? Då har Utetrend laga ein liten, nyttig guide til nettopp deg.

Av: Mailiss Solheim

Bilete: sebastiaan, rawpixel

Det er lett å hugse på at veganarar ikkje et mjølk eller egg. Men i godteri kan det vere ein heil del andre rare ingredienser det er vanskeleg å manøvrere rundt. Vi har laga ei liste over “do´s and dont´s – slik at det vert litt lettare for dykk å velge riktig.

Vi startar med “dont`s”

Pøv så godt det lar seg gjøra å unnå desse ingrediensane: gelatin, det er eit protein som er vunnet ut frå sener, knokler og hud frå dyr. Altså ikkje særleg vegansk. Det finns ofte i gelé, vingummi, marshmallows og liknande.

Det er greitt å halde seg unna karmin / E120: Dette er eit fargestoff som gir raud-farge. Så har du snop med raud farge – sjekk at denne ingrediensa ikkje er med!

Ein anna ingridiens å vere obs på er bivoks, det finnst i forskjellige typar lakris, og anna snop som blir overflatebehandla med bivoks.  

Elles står det gjerne på mange produkt at det “kan inneholde spor av x”. Dette tyder ikkje at for eksempel mjølk er ei ingrediens, berre at produktet vert produsert same plass som produkt som faktisk inneheld mjølk.

På andre varer kan det stå “Inneholder spor av x”. Dette er kanskje litt verre å tyde, men framleis er ikkje eksempelvis mjølk ein del av ingrediensane, men slik som i førre eksempel, så vert produktet produsert same plass som ting som inneheld mjølk – men no vil det så og si alltid vere spor av mjølk.

Dei fleste veganarar vil nok semjast om at eit slikt produkt framleis er vegansk (men ikkje alle), men merkinga er uansett viktig spesielt for menneske som er hyperallergiske.

Så til “the do´s”

Her er eit lite utval søt snacks og snop som er heilt vegansk:

Oreo-kjeks, den vanlege typen er vegansk og ein klar fovoritt. Marianne-drops er deilege, små søtsakar som passar til å dele ut eller ha i lomma om søtsuget kjem lurande. Vil du ha vingummi, er dei frå merket Goody Good Stuff heilt supre.

Sjokolade må med på lista og vi anbefaler å sjekke ut merket Vivani. Dei har mange ulike typer vegansk sjokolade og kan kjøpast på Søstrene Grene og Kinsarvik Naturkost. Sistnemnde butikk har også vår favoritt Vego!  Mørk sjokolade er ofte vegansk, og mange butikkar har vegansk sjokolade også i allergihyll si.

Ein god nyhende er at Candy King hos daglegvarekjedane har byrja å merke all smågodten: Sjå etter klistremerke for vegansk!

Og har du “cravings” på is er det mange val. Dei vanlege daglegvarebutikkane har som oftast nokre veganske istypar i frysen. Krone is kom i år med ein vegansk versjon, og Oatly har fleire ulike pakker med ulike smakar. Det finns til og med ein vegansk versjon av Ben & Jerry’s – OMG  I need it!

Det finns også salte godbitar: Tyrisk pepper, Dundersalt, Saltsild og mykje lakris generelt er vegansk, men ikkje all – så styr unna typar som er behandla med bivoks.

Chips aka potetgull er eit must, og dei fleste typer er veganske, men sjekk innholdsfortegnelsen etter mjølk, myse og liknande. Nokon typer kan også ha uvegansk aroma.

Eit hett chipstips er: Kjøp ei pakke med digg salt chips, ei pakke med Holliday-dip og ein boks med Oatly sin iMat Fraiche – ein vegansk versjon av creme fraiche. Då har du den gode, gamle, chips and dip til festen din. Så lett, så godt!

Har du lyst å bake til festen din sa du? Ja då anbefalar vi å sjekke ut halloween-baketipsa til Vegetarbloggen.

 

Kommentarer

kommentarer