Hovedbilde-kinodagen

Bergen Kino sin festdag

Med halv pris på alle filmvisningar og over gjennomsnittet god stemning, er det kanskje berre ein plass du skal denne dagen? Det er duka for årets store dag på kino, i dag, laurdag 3.november

Av: Mailiss Solheim

Tradisjonen tru arrangerer Bergen Kino festdag fyrste laurdagen i november. Den store kinodagen er dagen for både deg som liker skrekk, samfunnsaktuelle filmar og deg med barn  – og sånn ca alle andre også.

I tillegg til eit stort utval aktuelle filmar, vert det også ansiktsmaling for dei minste, og personellet på kinoen har ein konkurranse gåande om kven som kler seg ut som den kulaste filmkarakteren. Publikum er oppfordra til å stemme!

Utetrend har tatt ein kikk på programmet for dagen, og vil anbefale følgande filmar:

Girl

Dette var den mestvinnande filmen under filmfesivalen i Cannes. Den handler om 15 år gamle Lara. Ei ung jente som er fødd i feil kropp. Draumen er å verta ballettdansar, og vi følger hovudpersonen gjennom pubertet, venting på kjønnsbekreftande behandling og det hardet danselivet. Ein annleis film om kjønn og identitet, og har berre sett dei beste terningskasta etter lansering.

Skjelvet

Den norske katastrfofefilmen som kom i haust, med Kristoffer Joner i spissen. Mer om filmen og et litt annleis intervju med Joner kan du lese her – Skjelvet, love og spaghetti.

The Nun

For den skrekkglade er framleis denne filmen eit must. Har du ikkje fått nokk av grøss og gru til halloween, bør du ta med deg ei hand å halde i og gå og sjå denne. Meir frå utetrend sin anmeldar kan du lese her – The Nun.

Mamma Mia. here we go again!

For deg som liker musikalar, så bør du ikkje gå glipp av denne sjansen til å vere med på sing-a-long-visning av Mamma Mia, here we go again! Kl 15.45. 

Kommentarer

kommentarer