Closed Doors4

Bakom “Closed Doors” er det litt gaming og Netflix

Closed Doors er ein duo som består av 20-årige Shivan og Julian. Dei har store ambisjonar, elskar å lage musikk og vil fortsette å gjere det så lenge som mogeleg. Duoen speler raidovenlege toner der smooth pop møter R&B, og i desse dagar er dei aktuelle med debutlåta All Night. I den anledning har Utetrend slått av ein prat med gutane.

Skribent: Mailiss Solheim

Foto: Francisco Munoz

Shivan og Julian starter med å fortelje bakgrunnen for artistnamnet sitt, og seier det handlar om at dei vanlegvis er ganske lukka gutar, noko dei tenkjer er ganske vanleg.

– Det å snakke åpent om sine eigne kjensler er noko mange er redde for å gjere. Gjennom musikken kjenner vi begge at det er ein plattform vi kan bruke for å uttrykke akkuratt det vi kjenner, og rett og slett banke ned dei lukka dørene våre, fortel dei.

Nyleg slapp duoen debutlåta All Night, som tar publikum med til ei blanding av vonde kjensler, og behagelege rytmer og toner.

– All night er fyrste låten vi laga som duo. Alt starta med at eg sendte ein demo av låta med berre piano og vokala til Shivan, og deretter byrja han å produsere ho med ein gong, seier Julian.

– Samarbeidet var veldig effektivt og naturleg, så det tok ikkje lang tid før vi kom til eit ferdig resultat, fortsett Shivan.

Gutane fortel at låta handlar om eit forhold der usikkerheit er ein fellesnemnar for begge partar. Forholdet har sett sine lyse dagar, men byrjar å gå mot slutten. Guten ein møter i låta er frustrert, men også redd for korleis dette vil ende. Han vil gjere alt for å få ho attende, men opplever dette som veldig vanskeleg og nesten umogeleg.

Multikulturelt

Closed Doors er ein duo med variert bakgrunn og multikulturelle røter. Shivan er norsk-iraker, og Julian har norsk mor og filippinsk far – og vart delvis oppdratt i California.

Korleis passer denne multikulturelle bakgrunnen inn i musikkverda?

– Vi ser på det som ei styrke, og vi liker å hente inspirasjon frå ulike sjangre og kulturar. Sidan bakgrunnen vår er så spredt, vert det naturleg å hente inspirasjon frå resten av verda og kulturen vi har vakse opp rundt. Det gjer at resultatet vert unikt! seier gutane samstemt.

Kva gjer de på fritida, når de ikkje lagar musikk?

– Eg bruker mykje av tida mi på vener og gaming. Eg bruker også litt foar mykje tid på Netflix og memes – men mest på musikk, seier Shivan.

– Eg bruker mykje tid på vener, og uten om det går eigentleg mesteparten av tida til musikk, fortel Julian.

Kva er vegen vidare for Closed Doors? Kan vi foravente å sjå dykk på ei scene i Bergen i næraste framtid?

– Vegen vidare er å lage meir musikk og jobbe for måla vi vil oppnå. Bergen vil alltid vere ein spesiell plass for oss sidan det er her vi har vakse opp – så difor vil vi seie at ein konsert i Bergen ikkje er noko ein skal sjå bort i frå i næraste framtid.

Om de skulle ha kåra eitt album til Årets Album 2018, kva album ville det ha vore?

– Beerbongs & bentleys – Post Malone!

Kva kler de dykk ut som på Halloween?

– Til Halloween vil eg eigentleg kle meg ut som Spiderman, men finn ingen fete kostymer, så eg går nok berre med ei teit maske frå Nille, seier Shivan.

– Kostyme er alltid noko eg tenkjer på i siste liten, så eg ender alltid opp med å bruke eit eller anna eg finn heime, avsluttar Julian.

Utetrend anbefalar alle å sjekke ut All Night, og ynskjer Closed Doors lykke til vidare (og vonar Halloween-kostyma vert meir vellykka enn dei ser for seg i dag)!

Kommentarer

kommentarer