The Good the Bad and the Zugly

Noregs beste band

Det er hardt med konsertar midt i veka. Det er enno hardare når det er Noregs beste band som står på scena.

Skribent: Mailiss Solheim 

Foto: Mikal Åkerblom

Denne kvelden skulle eigentleg finne stad på Garage, men som vi alle veit er rockeplass nummer 1 berre tilgjengeleg i historiebøkene no. Heldigvis steppa Hulen opp med ledig scene, og pønkglade fans var klare for ein heilaften i rølpens ande.

Midt inni pønkens hule, starta det heile med tunge riff og røff vokal med bergensarane i Tirades. Nice som alltid. Etterpå var det klart for legdande frå Sandnes: Purified in Blood. Det er 15 år sidan dei fyrst såg dagens lys, og dei har turnert land og strand rundt med sine heftige rytmer og harde sound. Meir metal enn pønk, men crowden elska dei – og dei elska crowden. Betre oppvarming for hovudbandet skal du leite lenge etter!

Raskt, hardt, fett og tight

Og så, når klokka tikka mot midnatt, entra Hadeland-pønkarane scena, med skrik og skrål og skål frå publikum. Ikkje eit roleg sekund, skulle det bli den neste timen.

The Good The Bad and The Zugly er hardcore-bandet som tar scena og publikum med storm. Dei har ein intensitet dei fleste berre kan drøyme om, og er tighte som faen. Magne Vannebo på trommer loste kollegaene trygt, hardt og raskt framover, med Ivar Nikolaisen i front med sin sterke skrikevokal og upåklagelege attitude.

I 2015 hausta GBZ spellemannsnominasjon for plata Hadeland Hardcore (men måtte sjå seg slått av Beglomeg med Eurokrjem). Sjølv om dei ikkje vann, har bandet fortsatt å vinne pønkehjarter landet over, og fekk i sommar speletid på den legendariske metal- og pønkfestivalen Hellfest i Frankrike. Tøffe menn, med tøff musikk!

Ivar Nikolaisen er kjend for sin scenepersona, og denne kvelden var sjølvsagt inga unntak. Han hoppa ut i publikum. Crowdsurfa. Gav mikrofonen til dei framste i moshpiten. Og slang ut ein småleg klein vits eller to. Det kokte. Og publikum skreik etter meir.

Tekstane til GBZ er ikkje akkurat barnevenlege, men vi sang alle med på refrenga i NAV or Never, Vik Bak Meg Satan og International Asshole – og mange fleire!

Liker du pønk, liker du hardcore, så er The Good The Bad and The Zugly obligatorisk å sjekke ut. Det er fett på plate, men det er tusen gongar råare live. Spør du undertegnande, så er GBZ Noregs beste band!

Kommentarer

kommentarer