Det var tettpakka på Kvarteret laurdag 3.november når tidenes fyrste Bergen Veganfestival av stabelen. Både store og små tok turen for å smake plantebasert mat og sjekke ut dei mange bodene, foredraga og den gode stemninga.
Skribent: Mailiss Solheim
Foto: Silje Van Der Meeren
Dagen starta med opning av boder og utstilling, der alle gjestene kunne få smakeprøver på digg vegansk mat og drikke, og kjøpe seg mange nice produkt å putte i kjøleskapet heime.
Festivalen vart arrangert for fyrste gong, og vil sette fokus på vegansk kosthold og -livsstil, og vise alt det gode planteriket har å by på. God mat trenger ikkje vere dyr, som ein kjent veganbloggar har sagt.

– Festivalen gjekk over all forventing! Det kom så mange folk at ikkje alle fekk plass på kursa og førelesingane,fortel Javiera Francisca Saavedra, som er ein av arrangørane bak festivalen.
– Så eg vil tru vi med sikkerheit kan kalle årets festival for ein suksess!
Underteiknande fekk med seg både veggispølser, vegansjokolade og tidenes vegan-ravioli, som alt i skrivande stund er konsumert. Ei rein leikestue for veganarar og vegan-nyfikne, spør du oss!
Javiera kunne også fortelle at arrangørane er både stolte og krye, og gler seg veldig til neste år.
– Då vert det forhåpentlegvis over to dager!
Då er det berre å smøre tålmodet og vente på neste festival – og håpe at festivalen tar høgde for mange folk, slik at alle får plass på kurs og foredrag.