Sweet-inside.img

Vegan-Guide: Goodtimes på Voss

Inside Rock Café er rockeplassen som er kjend for å servere digg burger. Mange av typene på menyen kan fås i vegansk versjon, og det burde du absolutt prøve ut!

Av: Mailiss Solheim

Foto: Kristine Ristesund

Har du vore på Inside i Bergen eller Stavanger før, då kjenner du konseptet. Du kjenner kanskje også menyen frå før av, og det er berre til å leite seg fram til den veganske burgeren du liker best, eller har mest lyst på der og då.

Du får ein real porsjon med burger, brød, salat, dressing og ikkje minst potetbåter. Eg har sagt det før, og eg seier det att: eg er særdeles glad i fries. Få ting kan gjere meg så glad som ein perfekt pomfritt eller potetbåt. Inside Voss traff her spikeren på hovudet.

Vi besøkte Inside ein laurdag. Kvelden før var det quiz, som det plar å vere fredager på Inside Voss. Det var også halloween-fest og karaoke. Goodtimes med andre ord.

Goodtimes, og litt biljard når ein ventar på maten.

Vi kom til Inside like over kl. 14 denne dagen. Det vil seie like etter opningstid. Det var likevel allereie fleire folk på plass, som venta på dagenderpå-burgaren. Fleire andlet kjende vi att frå kvelden før. Og dei som jobba der kjende også oss at. Triveleg.

Som ein liten by, med få rockeplassar vil eg tru, er klientellet på Inside Voss både spredt og karakteristisk. Alt frå fullt oppkledde rockarar, til dei som kjem inn med joggebuksa dagen etter ein lang kveld. Og ikkje minst, ein horde med bikere kom inn og okkuperte baren medan vi venta på maten vår.

Vi fekk smake to av dei mange burgarane som kan serverast vegansk. Fyrst ut var Dr. Feelgood. Med BBQ-saus. Sausen var både på brødet, og ved sidan av. Serviøtren sa at denne var mest populær av veganburgarane, og vi kan forstå kvifor.

BBQ-sausen hadde ikkje for mykje smak – som ofte kan vere eit problem. Den var passe definerande i smaksbilete. Sjølve burgaren hadde svært god konsistens, og mykje smak. Kjøttetaren av oss peika spesielt på dette: konsistensen var så utruleg bra!

Neste burger er laga av same fake kjøt, men med anna saus: Aioli med masse kvitlauk. Framleis digg konsistens, men den aiolien altså – den var himmelsk. Det er ikkje alltid eg opplever at vegansk aioli er så digg, men denne tok nesten pusten frå meg.

Motorbreath vann i fyrsteplassen hos meg, men begge burgarane kan anbefalast på det sterkaste – og vi vil tippe at alle veganalternativa vil gjere deg nøgd i både mage og smakslaukar.

Ta deg ein miljøvenleg tur til Voss med toget. Et bra burger på Inside, og sjekk ut alt ekstremsportbyen har å by på. Vi liker bærekraftige reiser, og elsker å prøve nye ting. Med andre ord: følg med for fleire reisetips (og vegantips) frå Voss.

 

Kommentarer

kommentarer