kafe__-Chaos

Vegan guide: Kafé Chaos

Digg ost er det mange som har sagt dei saknar når dei har vald eit plantebasert kosthold. Er du ein av desse, burde du kanskje sjekke ut Kafé Chaos.

Av: Mailiss Solheim

Enten du er student og treng lesepause i eksamensstresset, vil ta lunsjen din ein annan plass enn arbeidsplassen, eller om du berre vil fråtse i digg toast dagen derpå, så vil Utetrend anbefale alle å ta turen til Kafe Kaos. Nærmaste nabo til SV-biblioteket på universitetet.

Dei som driv kafeen i dag, har holdt på sidan april i år. Med det same dei overtok, ville dei ha veganske alternativ på menyen. Så på lista over ulike typer toast du kan fylle magen med, er det sjølvsagt ein vegansk du kan velje.

Digg vegansk taost, med smelta ost.

Servert med litt naudsynte næringsstoff frå raspa gullerot og mini-pickles, kan du få både enkel og dobbel versjon av denne retten.

Brødet er toasta perfekt, og smaker passe feitt – om det er osten inni, olje eller (vegansk) smør som står for denne awsome skorpa, det spurte vi ikkje om. Men den er digg!

Og som toaster skal vere, er brødskivene fylt med smelta ost. Nokre gonger vert folk skuffa over vegansk ost (har vi høyrd). Og ikkje alle veganske ostar er eigna til å bli smelta. Men denne altså, den er smelta, har fantastisk konsistens og smaker himmelsk.

Det er ikkje anna enn å seie: kjøp ein toast. Velg gjerne dobbel, fordi du kjem til å ha lyst på meir sjølv om du ikkje er svolten. For studentar er det rimeleg okei for lommeboka også.

I tillegg til toast, har dei andre ting på menyen som er allergi- og veganvenleg. Dette inkluderar bakverk.

Vegansk sjokoladekake eller ein cookie?

Ryktet seier at ein kunde ein gong sa: “men det går ikkje an å lage veganske cockies!” Det tok Kafé Kaos som ei utfordring – og resultatet kan du smake der.

Vi fekk ein slik coocike i handa på veg ut døra. Det smakte og kjentes mistenkeleg ut som cockies. Så vi trur den kunden tok feil, og vil anbefale å smake denne også (men den var så god at det ikkje var sjans til å ta bilete før den var borte).

Kommentarer

kommentarer