Til dagleg jobbar dei på Ikea, som dykkar og studerer organisk kjemi. På kveldstid er dei hardcore-bandet Of Grace and Hatred – som i dag er ute med si debutplate Toxic Vows.
Av: Mailiss Solheim
Of Grace and Hatred slapp i dag sitt debutalbum Toxic Vows, som alle i bandet vonar vert godt motteke og gler seg til å spele live.
Utetrend slo av ein prat med tre av bandmedlemmene på Apollon, over ei blanding av kaffi, te, øl og gode anekdoter. Som den gongen bandet hadde med seg ein gjestebassist, som fekk utruleg mykje skryt etter gigen, men viste seg å aldri ha vore plugga i medan han spelte.
Frå jazz til hardcore
Hardcore-gjengen består i dag av Anders på vokal, Bjarte på gitar, Mathias på trommer og Henrik på bass. Dei tre fyrste er det vi møter denne haustettermiddagen.
Mathias fortel at det heile starta ein gong på ungdomsskulen. Han såg opp til Bjarte, som då spelte i forløparen til Social Suicide – og då måtte han berre lære seg å spele trommer.
– Far min er jazzmusikar, så eg har vakse opp med musikken. Men eg hadde aldri tålmod nok til å sette meg med eit piano, men trommer det klarte eg, smiler Mathias.
På Bjarte sitt initiativ møttes dei to på guterommet, Mathias laga ei heftig trommerytme, og rytma vart til ei låt. Etter ei tid vart også Anders, dagens vokalist, med i bandet, og resten er historie. Det var forøvrig like før bandet starta arbeidet med plata, at bassisten Henrik (som ikkje var til stades under intervjuet) joina gjengen.
– Eg vaks opp med min 10 år eldre bror, som lærte meg opp i musikk og gitar, og eg har heilt sidan eg var 9 år vore seriøs rundt gitarspelinga mi, fortel Bjarte.
– Eg er nok også resultat av oppvekst og søsken, skyt Anders lattermild inn.
Musikk, jobb og gigs
I desse dagar er Bjarte i pappaperm frå sin vanlege jobb som teamleiar på lageret på Ikea. Mathias kom rett frå lesesalen til intervjuet, der han studerer organisk kjemi – som han med lite hell klarte å forklare vår journalist kva eigentleg er.
Og Anders, han er både automatiker og yrkesdykker – i tillegg til musikar. Bassist Henrik har ei mastergrad i robotikk, og det var grunnen til at han ikkje var med oss denne ettermiddagen på Apollon – fordi han var i Nordsjøen for å leite etter fossilt brennstoff. Travle menn, med andre ord.
Vegen vidare for Of Grace and Hatred er å fortsette å lage musikk, men aller fyrst å spele den nye plata for publikum fleire plasser i landet. 7.desember står dei på scena som support for Blood Command på Kvarteret. Les intervju med Blood Command her.
– Vi liker best å vere supportband. Gjere det vanskeleg å gå på etter oss. Sjokkere på ein positiv måte – vi liker å overraske! Konstaterer ein engasjert Bjarte.
Heilt til sist gir bandet ein shout out til to andre bergens-band:
Psykopath, og heilt nye Death Throne – som Utetrend er spent på å sjekke ut!
Då er det berre å seie lykke til vidare til Of Grace and Hatred, lytte på plata og stikke på konsert om eit par veker!
Hør platen her: