voss-vind3

Å fly som ein banan

Eg har alltid hatt lyst til å hoppe i fallskjerm. Men når ein har ei smule flyskrekk, verkar det diverre altfor ulogisk å skulle kaste seg ut av eit fly når ein allereie er redd for å døy.

Av: Mailiss Solheim

Ekstremsport innandørs

Voss er ekstremsportby nummer éin. Kvart år vert Ekstremsportveko arrangert, og menneske frå inn- og utland tar turen for å oppleve det beste innan det ein kan kategorisere som litt skummel sport. Kanskje ikkje plassen for den som helst liker seg innandørs og ikkje for høgt oppi lufta, tenkjer du kanskje.

Men fortvil ikkje –  det finns løysingar for oss også! For landet sin einaste vindtunnell finns altså på Voss. Den nedre aldersgrensa er 5 år, og det er ingen øvre. Her skal alle få mogelegheita til å sveve som den mest profesjonelle fallskjermhoppar. Kor lett det er å sjå proff ut, er ein annan sak.

Så takka vere Voss Vind har eg no fått lov å oppleve det næraste ein kjem fallskjermhopp utan å hoppe ut av eit fly. Løysinga var sjølvsagt vindtunnell! Det er også kanskjet hakket meir miløvenleg enn å bruke fossilt brennstoff for å få opp adrenalinet også?

 

Armane ut og fram. Hofta ned. Beina halvvegs utstrekt

 

Ikledd identiske flydrakter, hjelm, briller, øyrepropper og avkledd for alt som heiter smykker, piercinger og lause gjenstander, stod eg på rekke og rad med andre spente folk som skulle ta steget opp i flygande posisjon.

Med ein vindhastigheit på opp mot 200 kilometer i timen, var det nok lurt at vi fekk beskjed om at lause gjenstander ikkje hadde noko i tunellen å gjere, og at ein tilsett på Voss Vind fulgte oss nybegynnarar inn i tunnellen.

Armane ut og fram. Hofta ned. Beina halvvegs utstrekt. Det er sånn cirka den rette måten å få til å fly. Leik at du er ein banan, som flygeinstruktøren sa. Det høyres lettare ut enn det faktisk er. Men etter prøving og feiling og god gudeing av hjelparen, fekk eg meg nokre sekund der eg flydde utan støtte.

Eg tykkjer det er ganske sjukt at mennesket har klart å finne opp ein måte å fly i fly på. Eg veit det er noko slikt som fysikk og fysiske naturlover som gjer det mogeleg, men det er utanfor mi fatteevne. At vi no også kan fly sjølve, innandørs utan fallskjerm på ryggen, er kanskje enno rarare.

Men åjeheiane, for ei oppleving. Det er kanskje det kulaste eg har gjort, og det er ei rimeleg stor fare for at alle som skal få ei gåve frå meg dei neste åra får eit gåvekort på Voss Vind. Så kult er det!

Kommentarer

kommentarer