ricks juleshow

Standup Juleshow 2018

Utetrend sjekka tempen på Standup Juleshow 2018. Medan publikum lo seg skakk, sat vi att med at dette ikkje var heilt vår kopp med te.

Av: Mailiss Solheim

Standup Juleshow har i følge arrangøren sjølv vorte ein del av den bergenske førjulstradisjonen. Sidan 2009 har Humorkollektivet sett saman ei gruppe komikarar som saman skal gi bergensarane eit skråblikk på den foreståande julestria.

Dei stiller spørsmåla “bør vi eigentleg feire jul?” og “er det mest stress eller mest kos?”. Årets komikarar på Ricks desse førjulsdagane er Eirik Krokås, Jan Tore Kristoffersen og Hans Magne Skard.

Så Utetrend tok turen for å sjekke tempen på stemning og humor. Då vi kom inn i lokalet var det rimeleg fullt med publikum allereie. Folk såg gira ut, og vi har våre misstankar om at mesteparten av publikum var frå Åsane.

Vi var redde dette gjorde at humoren ikkje var heilt i vår gate. Ikkje eit vondt ord om Åsane, men det er vel litt forskjell på sentrum og drabantby(del).

Det var ingenting å seie på komikarane sitt engasjement. Dei opna med brask og bram, og scena var utstyrt med juletre, og mennene i dress. Litt julestemning der. Men interaksjonen med publikum var rimeleg klein, og vitsene som var meint å vere politisk ukorrekte vart berre feil. Humoren har lov å kødde med det meste, men då må det funke. I staden for å le, sat vi heller att med at presentasjonen til ei viss grad hadde eit forferdeleg kvinnesyn og hetsa narkomane.

Kveldens høgdepunkt var Hans Magne Skard. Salen lo mest når han fortalde at han er frå Sveio. Ei lita bygd i Sunnhordland, som dei fleste ikkje kjenner til, og iallefall ikkje meir enn som eit vegskilt på strekninga mellom Stord og Haugesund.

Men når Skard fortalde ei anten ekte eller fiktiv historie om sin karriere som komikar for den religiøse biten av Sveio, då lo vi. Han skulle berre visst at underteiknande har jobba som prest i Sveio, så hans karakteristikk om høgtidelge og edru prestar er ikkje heilt rett. Men eg lo!

Tørre vitsar rundt nyhendebilete i året som har gått, var også noko av det som funka delvis. Ikkje alt, men det var eit visst krigsskip som fekk gjennomgå, og der sat latteren laust – spesielt for oss.

Når dette er sagt, så var det ein del av publikum som var meir positive enn Utetrend sine utsende. Det var mange som lo, og lo godt. Og underteiknande lo så øllen sat seg fast i halsen på eit tidspunkt – men det meir pga. ein publikummar som sa ho var “gamear” fordi ho spelte The Sims.

Så moralen er, er du frå Åsane tipper vi at du liker showet. Det var rimeleg mange referansar til bydelen. Men for oss funka det særdeles dårleg. Vi saknar gamle dagar, då Dagfinn Lyngbø var Bergens komikarstoltheit, og tar lett ein reuinon med Kvinner på randen, heller enn å dra på dette juleshowet fleire gongar.

Kommentarer

kommentarer