rawpixel-463441-unsplash

Vegan-guide: Julemat

Julekvelden nærmar seg, og julestresset er snart i ferd med å legge seg. Men før vi kan puste letta ut og nyte roen, må nesten julemiddagen vere på plass. Skal du servere noko vegansk, men er usikker på kva som gir den gode julete smaken? Sjå her!

Av: Mailiss Solheim

Underteiknande kan ikkje ta heder og æra for oppskriftene vi skal presentere her, men eg kan love at det kjem til å smake digg!

Innbakt nøttesteik

Nøttesteik har vorte sjølve julestemninga for mange veggisar. Kva med å prøve denne innbakte versjonen?

Innbakt nøttesteik fra Vegetarbloggen.

Vegisterkaker

Er du av den garde som har vakse opp med medisterkaker til julemiddagen, treng du ikkje lengre sakne smaken. Vegisterkaker er den veganske versjonen, laga på blomkål og ris. Ganske sjukt at det går an å lage kjøtterstatning av dét, men åjeheiane så digg det er!

Vegisterkaker fra Veganmisjonen.

Pinne-oumph

Dette er ein veggisversjon av pinnekjøtt. Believe it or not! Det er salt og sprøtt og sjukt nice! Og ingen rare ingredienser i denne oppskrifta (Oumph får du på f.eks. Kiwi og Meny). Skal oppskrifta vere heilt vegansk må du sjølvsagt hugse å bytte ut “ekte smør” med vegansk smør/margarin.

Pinne-oumph fra Meny.

Julegrøt

For mange blir det ikkje jul før ein har ete julegrøten sin. Det kan du sjølvsagt fortsette med sjølv om du har blitt veganar. Bytt kumjølka ut med soyamjølk og kokosmjølk, så er du straks i mål. Eg lovar – det smaker ikkje kokos altså!

Julegrøt fra Green Bonanza.

Riskrem

Og har du rester frå grøten din, kvifor ikkje lage den ultimate juledesserten også? Riskrem står og strutter på mange julebord om nokre dagar. Her får du guide til å lage din heilt veganske versjon!

Riskrem fra Vegetarbloggen.

Karamellpudding

Karamellpudding heilt utan egg? Er det mogeleg? Javisst! Og sjukt godt er det også!

Karamellpudding fra Vegetarbloggen.

Tilbehør

Skal du ha tilbehør til julemiddagen din er det stort sett å ete det same som folk som er ikkje-veggisar. Evt. bytt mjølk, fløte og smør ut med vegansk versjon. Så kjem du langt! Om du vil ha litt ekstra inspirasjon skal du få det her: Julebakt rosenkål, peppersaus, og bakte småpoteter.

Då er det berre å ynskje lykke til med juleinnspurten. Og skulle du stå heilt fast matmessig – google er din ven! Det er så mange fine veganblogger om dagen, så er eg sikker på at du finner ei løysing uansett kva veganmatproblemet skulle vere.

God jul!

Kommentarer

kommentarer