I 1969 marsjerte ASF heile vegen til Stortinget for å få lov til å opne utestad. Resultatet vart at ein tidlegare alarmstasjon eigd av sivilforsvaret vart omgjort til legendariske Hulen. Og i år må Hulen må vere ein av dei sprekaste 50-åringane i landet.
Av: Mailiss Solheim og Alvaro Garcia
Ei konsertscene alle i Bergen veit om og har eit forhold til. Drive av primært studentar, har denne scena ei heilt eige atmosfære, der den ligg i fjellsida, med stein som både tak og veggar. Fråverande mobildekning og billeg øl har gått hand i hand i alle 50 år, og Hulen-sjela er så sterk at dei frivillige drar på Roskilde-festivalen med Hulen-flagget i bagasjen.
Men Hulen er ikkje berre ei konsertscene drive av øltyrste studentar. Det er ein arena som speler ei svært viktig rolle i Bergen sitt kulturliv, og rommar dei fleste musikalske sjangre. Mangt eit band har hatt sin debut her, og mange store har også gjesta den bortgøymde hula på Møhlenpris.
Når Garage no har forsvunnet, er det ekstra viktig at Hulen fortsetter å eksistere og tar litt av den uavhengige scena vidare inn i framtida. Og så er det jo også på sin plass å fortelle at Hulen også er en generell kulturaktør for små og store i bydelen (Møhlenpris), og gjester gjerne barnefamiliar til ei litt annleis halloween-feiring for eksempel (slik dei gjorde i 2018).
RAMMMSUND LEVERER HARDT
Rammsund syng Rammstein på nynorsk. Det er hardt og rått og taktfast. Energisk og eksplosivt. Nynorskuttalen er kanskje ikkje alltid heilt «flawless», men dei gir eit fantastisk spark i riktig retning for å ta vare på nynorsken.
Du tenkjer kanskje ikkje at det er så originalt å vere eit coverband? Då vil eg seie meg usamd, sidan Rammstein på nynorsk er ei smule nyskapande. Betre stemning skal du leite lenge etter! Bandet har ei legendarisk merittliste, med både pyro-show på samvitet og utdeling av målpris til sjølvaste Sylfest Lomheim. Betre utgangspunkt for feiring av den unge 50-åringen skal du leite lenge etter.

Som eit band med utgagnspunkt i Rammstein, er det den harde rocken Rammsund gir oss denne kvelden. Med det same dei kom på scena var mennene kledd i svart kroppsmåling på overkroppen, og serverte frå fyrste stund dei harde rytmene dei er kjend for. Med energisk vokal og fantastiske lyseffektar, klarte dei å skape ei mørk stemning grotterommet. Musikken var ikkje bra – den var fantastisk! Taktfaste rytmer og ei bandbesetning som sprang komfortablert rundt på scena. Det var ikkje eit einaste keisamt sekund her, nei!
Publikum likte det dei høyrde, og såg ut til å kose seg – med allsong, ei smule moshpit og hendene i veret med rockeneven klar. “Skål Bergen” ropte vokalisten ut fleire gongar, og folk elska skålinga etterfulgt av synkron drikking i salen. Midt i publikum var det ein aldri så liten fanskare, som kunne kvar einaste tekst og song med av meir enn full hals. Og vart om mogeleg enno meir engasjert kvar gong vokalisten steig over gjerde og ned blandt “rammsund-kyrkjelyden”.
Ein bra kveld, utan bårk til tross for rølpete tendensar. Og det er vel ikkje så rart, når bandet syng på nynorsk – det er jo kjærleiken sitt språk!
