På Gulatingsplass, i sjølvaste lagmannsrettbygget, ligg det ein ny kafé og blomstrar. Den er kanskje litt bortgøymd, men har vist seg å bli ganske så populær blandt veganarar allereie. For når heile menyen er vegansk, då er det vert den fyrste forvirra turen der du leiter etter inngangen.
Av: Mailiss Solheim
Tips: Gå inn inngangen på sida, ikkje gjennom langmannsretten. Det er stor fare for at vakten heller vil sende deg på seminar, enn på kafé.
Det er sjølvsagt Kilo & Gram vi snakkar om. Denne relativt nye plassen, som serverer vegansk mat og sel miljøvenlege produkt i tillegg.
Med eit mål om å finne den nye måten å drive arbeidslivet på, der det er mogeleg å få seg fast stilling sjølv om ein skulle ha lyst til å reise verdra rundt om eit par månader, eller få fast jobb sjølv om helsa ikkje tillet deg å arbeide 100%, er det mykje engasjement for ei betre verd i plassen til Lena Wilden (dagleg leiar).
SVENSK KAFFI, VEGANSK WRAP OG SNICKERSKAKE
Vi fekk smake både tofu-burger og wrap med pølse frå Astrid och Aporna, gulrot og Kilo & Gram sin eigen, heimelaga majones. Særdeles smaksfult. Og A&A er ein hit blandt dei felste veganarar, så her kan du trygt gå å få deg ein ganske så rimeleg matbit i lunsjen din.
Kafeen har alltid burger og wrap på menyen, men smakane blir endra frå dag til dag/frå veke til veke. Difor er det lurt å spørje om evt. allergener når du skal handle. Lena fortel at dette med å endre smakane hyppig er både ein del av det særeigne konseptet som Kilo & Gram skal vere, men også ein fordel når det etterkvart har blitt ein del stamkundar – slik at dei ikkje skal gå lei av maten.
I salatbaren finn vi ei lite men godt utval av friske grønnsaker, proteinkjelder og dressingar.
– Vi har alltid minst ei proteinkjelde, presiserar Lena.
Sikkert vell vitande om det tradisjonelle spørsmålet alle veganarar får:
– Men, får du i deg nok proteiner då?
Ved sidan av maten fekk vi servert ein ganske så digg kaffi. Svensk kaffi, faktisk. Lena er sjølv svensk, så kanskje ikkje så rart at ho tar med litt av fødelandet sine delikatessar inn i denne fantastiske, lille kafeen med mykje sjarm og eit stødig grep om å det å drive ei bedrift rettferdig.

Til dessert fekk vi smake på snickers-kake og kake med jordbærkrem på toppen. Reint himmelsk, spør du oss! Med eit kjøkken der det ikkje er lov å steike og koke eigen mat i noko særleg grad, er forøvrig Kilo & Gram ein kafé som serverer masse rawfood. Kakene er også det. Men det er mogeleg å få på plass ei suppe dagleg, og i helgene blir suppa ofte bytta ut med pasta.
Lena er sjølv på veg til å verta veganar, men har ikkje tatt steget fullt ut enno. Dei andre som jobber på kafeen er heller ikkje veganarar, så Lena er på utkikk etter ein person eller to som er veganar og kan bidra inn i testing av ny mat og dele sin vegankunnkap med kundane.
Sjekk ut menyen deres her