Stay Young er eit nytt rockeband frå Bergen. Dei drøymer om å spele på Roskilde, spelte inn plate før bandbesettinga var på plass, og har eit noko usunt forhold til Harry Kane.
Av: Mailiss Solheim
Kven er Stay Young? Korleis starta de, og kva er det ultimate målet?
– Stay Young er rocken sitt svar på Diego Godin: hardtarbeidande og audmjukt, men med eit udefinerbart element av galskap, startar Nyhammer.
Han fortel vidare at bandet gjorde alt i ei litt rar rekkefølge. Dei spelte inn plate og booka debut-kondert utan å ha samla eit band fyrst.
– Det speilar igrunn attituden i bandet – å køyre på! Det er viktig å forplikte seg til noko, då vert ein tvinga til å legge ned den innsatsen musikken fortener. No har vi samla eit knallbra band. Lars, Simen, Eivind og Haavard er så fordømt bra at eg kan spele nesten kva som helst utan at det skjer seg, konstaterar Vegard med eit flir.
Plata Stay Young har spelt inn er dei megastolte av. Vi får også vite at bandet også har nye låter nok til å spele inn enno ei plate etterkvart.
– Plata vi allereie har spelt inn er mektig i form og innhald – med lange piano-eposer og stor, fengande rock n roll. Difor er vi innom tanken at den enste plata skal ha ei lettare innpakking. Litt 80-tals synth og greier! I helga spelte vi dei nye låtane på øving for fyrste gong – det var veldig gøy!
Vil de fortelje litt om debutsingelen og den utsolgde releasekonserten tildegare i år?
– Releasekonserten var på Victoria. Dei tar ikkje betal for leie av scene, så det føltes fint å fylle opp (lokalet) slik at dei fekk solgt mykje øl! Det var ein veldig fin kveld som eg vil hugse lenge, erindrar frontfiguren.
– All innsatsen som hittil er lagt ned i bandet kokte på ein måte ned til dei 60 minutta på scena på Victoria då er det deileg at det gikk fint. Folk koste seg. Debutsingelen Sidewalks er det forøvrig berre til å spele av på Spotify!
Det ryktes at det kjem ein ny singel på sjølvaste kvinnedagen. Kan de seie litt om den? Og er det ei spesiell meining med at låta vert slept på kvinnedagen?
Stay Young sin nye låt heiter Caracas. Den er ein hyllest til livet og fortel historia om ein gamalmann på hustaket sitt. Mannen ser attende på eit liv fullt av fargar og lidenskap. Gjennom samtalar med sin mor og ein for lengst tapt kjærleik, omfamnar mannen livet som har vore, samstundes som han tar fatt på det han har i vente.
– Caracas er driven av eit insisterande gitar-riff, som minner meg litt om riffinga til Knut Schreiner på ei Euroboys-plate som heiter Getting Out Of Nowhere. Vokalen er meir lekker i stilen: skinnande og melodiøs. Skarptrommene i låta kunne eg høyrd på i solo – den er dødsfin! Saman dannar dei ei kjenslelada, men svært dansbar, stemning – som du ganske enkelt ikkje kan få nok av. Vonar vi! Fortel ein engasjert Vegard, og inrømer etterpå at det berre er tilfeldig at singelreleasen skjer på kvinnedagen – diverre. Men at det er stas.
Om de kunne vald kva som helst festival å spele på, kva for ein ville det ha vore? Og kvifor?
– Eg trur eg hadde vald Roskilde. Eg har gode minnder der i frå. Ja – Orange Scene på Roskilde!
Når ser vi dykk live i Bergen neste gong?
– Neste høve til å sjå Stay Young er 22.mars på Landmark. Då speler vi saman med Spielbergs. Landmark er jo ei flott scene, så det ser vi fram til. I april blir vi å sjå på Underlig, og i mai speler vi på den legendariske Hundefesten. 4.mai om eg ikkje hugsar feil. Vi gler oss stor til den!
Til slutt, kva er dykkar beste Fantasy-tips? (som i Fantasy footbal)
Her innrømmer Vegard at han måtte ringe Haavard for å få tips, sidan han speler ein del Fantasy.
– Han befinn seg i bilen, innafor ring 3 i Oslo og seier: » Om du har pengar: kjøp Harry Kane og cap han kvar match. Om du er blakk så kjøp Jimenez.
– Haavard er for øvrig meir glad i Harry Kane enn andre er glad i barna sinne, så dette
er jo eit tips prega av kjensler, avsluttar Vegard lattermildt.
Hør de nyeste sangene deres her